Jenter og gutar, like og ulike Til læraren Denne mangfaldtimen handlar om kjønn. Vi skal snakke om likskapar og ulikskapar mellom jente og gut, og korleis kjønnsidentiteten vår er med på å forme oss. Det er viktig å vere bevisst eigne haldningar til kjønn og dei forventingar vi vaksne har til borna. Oppmodar vi gutar i like stor grad til å ta omsorgsroller i leiken som jenter? Oppmodar vi jenter til å ta leiinga i konstruksjonsaktivitetar, eller ber dei om å hjelpe med teknologi? Dei fleste barn identifiserer seg med dei tradisjonelle kjønnsnormene, men vi veit at det finnast eit mykje større spenn, og dette er det viktig at vi famnar. Gutar og jenter kan vere veldig like kvarandre, og det kan vere lurt å tone ned ulikheiter mellom kjønna. Tenk kor bra det ville vere om kjønnskategoriane var så romslege at alle kunne fått leve og vere som dei kjenner seg, uavhengig av kva kjønn ein er fødd med! Det å hjelpe borna til å reflektere kring forventningar dei har til kvarandre ut frå kjønn, og å hjelpe dei til å finne likskapar kan også bidra til å danne eit sterkare «vi-fellesskap». Husk at det kan vere elevar i klassa di som opplev å ikkje høyre heime i det kjønnet dei er fødd inn i. Difor er det viktig at du som lærar har dette i bakhovudet ved gjennomføring av økta, og snakkar om dette som ein del av vi-begrepet og fellesskapen vår. Sjå gjerne det Udir har laga som støtte til undervisning i dette temaet: Kjønn og identitet | udir.no Sjå også Mangfald - for vaksne - Livet og sånn (livetogsann.no) og send lenke til heimane slik at dei også kan ta del i Livet&SånnDet du treng til denne timen:Instruksjonar for lærar - Mangfald 4. trinn NN (PDF, 337 kB) ellerInstruksjoner for lærer - Mangfold 4. trinn BM (PDF, 321 kB)Oppgåve om kjønn for 4. trinn (PDF, 197 kB) eller Oppgave om kjønn for 4. trinn - BM (PDF, 50 kB) Andre aktivitetar de kan gjere i dette temaet:Bruk noko frå Linktillivet om kjønnsmangfald Kjonnsmangfold_LINK.pdf (linktillivet.no) Kompetansemål Dette temaet kan gi opplæring innan kompetansemål der eleven skal kunne:samtale om likheter og ulikheter mellom kjønnene, om kjønnsidentitet og om menneskets reproduksjon (naturfag).samtale om identitet, mangfald og fellesskap og reflektere over korleis det kan opplevast ikkje å vere ein del av fellesskapet (samfunnsfag).reflektere over hvordan språkbruken vår påvirker andre, og hvordan vi tilpasser og endrer språket i ulike situasjoner (norsk).sette seg inn i og formidle egne og andres tanker, følelser og erfaringer (KRLE).beskrive og samtale om ulike måter å leve sammen på i familie og samfunn (KRLE).samtale om hva menneskeverd, respekt, toleranse og samiske rettigheter betyr og hva det innebærer for hvordan vi lever sammen (KRLE). Bruk eventuelt samme film uten musikk, teksta på bokmål. Sjå bilde frå filmen og snakk om det de såg Sjå ein av desse to filmane om kjønn og likestilling:Likelønn: Har disse barna skjønt noe sjefen din ikke skjønner? Frå Finansforbundet Zmekk - Kjønn og likestilling / Norsk Sjå instruksjonsarket til lærar for aktivitet HollySiz - The Light (Clip officiel) Dersom de ser denne så forklar litt først kva som skjer i filmen slik at elevane veit at det skal gå bra på slutten. Litt Frosketid? Sist endra 13.01.2025 09.52