Mangfald - for vaksne

Mangfald - for vaksne

I dette temaet vil vi framsnakke det å vere ulike. Sjå ulike ut, vere ulike inni.

Det er bra at vi ikkje er like! Sjølv om vi er ulike, er vi like på nokre område, og difor er vi plassert inn i ulike flokkar. Ei klasse for eksempel. Klassa vel vi ikkje sjølv, men vi treng å kjenne at vi høyrer til der for å ha fullt utbytte av det som skjer. Vi treng trygge relasjonar til dei vaksne der, og til kvarandre. Likevel er det mange mekanismar i grupper som kan føre til at nokon ikkje kjenner seg trygge i flokken.

Vi veit at mange barn får vonde kommentarar på utsjånad, størrelse, hudfarge og anna. Det har vore jobba lenge for å hindre rasisme og mobbing på skulen og i samfunnet, men vi er enno ikkje i mål. Haldningane knytt til det å vere ulike, men like bra, må heile tida sikrast!

Ha gjerne iver som følelse denne månaden.

Til toppen