Dette temaet kan opplevast noko framandt og sårbart for fleire. For ikkje mange år sidan var det utenkeleg å ha ein time på skolen som handla om mangfald i kjønn, men no er det viktig for mange at dette blir tematisert på ein god måte. Det er vanleg å tenke at ungdom har betre oversikt over dette temaet enn mange av oss som er vaksne. Vi vaks opp i «ei anna tid» og har etablert vårt sett av haldningar, og ikkje minst vår måte å bruke pronomen på. Så møter vi no desse unge som får lov til å endre juridisk kjønn, som får lov til å definere seg om ikkje-binær, får lov å endre namn og som ber om å bli referert til som dei – sjølv om dei er ein. Det er ikkje så rart at det kan kjennast vanskeleg for nokon og ein kvar. Det betyr ikkje at vi ikkje skal prøve så godt vi kan.
Kanskje er dette ein time de også kan ha delar av i personalgruppa? Gjennomgangen av medfødd kjønn vs opplevd kjønn, og samanheng/ikkje-samanheng mellom kjønn og seksualitet kan vere nyttig for fleire i skolen enn dei som skal ha denne timen med elevane sine. Kanskje kan de etter denne gjennomgangen snakke litt saman om dei utfordringane dette medfører for vaksne rundt elevar som ikkje definerer seg som cis (medfødd kjønn samsvarer opplevd kjønn)?
Det kan vere greitt å forklare eleven og klassa at våre noko gamle hjernar ikkje er like fleksible som deira unge hjernar. Denne nye kjønnsoppdateringa som er komen er vanskeleg å laste inn hos mange av oss. Det handlar ikkje om manglande vilje eller respekt, for vi skal fortsette å prøve. Men mange av oss kjem fortsatt til å gjere feil. Så lenge du snakkar sant om du seier dette, så vil elevane kunne vere raus og tolmodig med deg også. Men om vi ikkje vil forsøke å «laste inn denne oppdateringa i hjernen vår» risikerer vi å såre og krenke elevar som allereie har utfordringar nok.
Her er nokre lenker for deg som vil lære meir om dette:
Hva er kjønnsmangfold? - Verktøykassa – for lærer - NDLA
Preferred Gender Pronouns: What are they? - YouTube
En skjønn identitet - YouTube
5. Skole - Fri Oslo og Viken (skeivkunnskap.no)
Det du skal ha med til denne timen er: