Livet&Sånn

 

Livet&Sånn er ein del av Helsedirektoratet sitt program for folkehelsearbeid i kommunane. Møre og Romsdal fylkeskommune vart med i dette programmet i 2019 og har fokus på innanforskap, barn og unge si psykiske helse og rusførebygging. Livet&Sånn starta som prosjekt i 2020 og vert støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom denne ordninga til og med 2026.

Livet&Sånn skal utvikle og implementere universalførebyggande tiltak. Tiltaka gjennomførast mellom anna som opplæring i folkehelse og livsmeistring for barn og unge, foreldre og tilsette i barnehagar og skolar.  I tillegg lagar Livet&Sånn mykje støttemateriell for førebyggande arbeid som skal styrke og fremme psykisk helse, førebygge rusmisbruk og forhindre mobbing.

Livet&Sånn er organisatorisk plassert saman med PPT i Pedagogisk fagsenter i Ålesund kommune, og samarbeider også tett med helsestasjonstenesta, barn og familie og andre i kommunen. 

 

 

Les meir om programmet og finne andre tiltak i folkehelseprogrammet på Forebygging.no.

Kven lagar Livet&Sånn? 

Livet&Sånn har ein prosjektleiar i 100 % og har i tillegg ressursar til frikjøp av ulike fagpersonar i mindre brøkar og bolkar som skal bidra i utviklinga av dei ulike deltiltaka.  

Anne-Hilde Lystad er prosjektleiar. Ho lagar filmane og opplæringsmateriellet i samarbeid med ulike fagpersonar i kommunen, har ansvaret for framdrift av prosjektet. Anne-Hilde er utdanna barnevernspedagog med master i helse- og sosialfag. 

 

 

Forskning på Livet&Sånn

 

Brukar du Livet&Sånn på jobb?

Vårt ønske er at dette materialet kan kome til nytte for så mange som mogleg, og vi veit at mange brukar nettsida i ulike delar av landet. Vi har laga dette fritt tilgjengeleg og utan krav om registrering fordi vi ønsker at det skal vere så enkelt å bruke det. Samstundes får vi nokre gongar spørsmål om vi har oversikt over skolar eller kommunar som nyttar materialet. Send gjerne ein e-post og gi oss ei tilbakemelding -  så kan vi både få laga ei oversikt, og kanskje har du også idear og innspel som kan styrke Livet&Sånn!

 

Kontakt

Anne-Hilde Lystad
Telefon: 41 42 64 10
E-post: anne-hilde.lystad@alesund.kommune.no
 

Livet&Sånn på Facebook
Livet&Sånn på YouTube
 

Ålesund kommune
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
Telefon: 70 16 20 00