Under her finn de ein plakat som viser 12 ulike hjelpeikon som viser kva som kan vere hjelpsamt for følelsar. De kan godt skrive ut plakaten og ha den med når de snakkar om dei ulike følelsane.
De kan også henge den opp i barnehøgde og la barn peike på kva av dette dei treng når dei har ulike følelsar. Denne plakaten er også laga slik at de kan klippe den opp og bruke den i nøkkelring, eller som små kort med borrelås eller andre måtar de har lyst å prøve. Poenget med ikona er å gjere barn, og vaksne, medvitne på kva som kan hjelpe når følelsar er plagsame eller gjer vondt.
Vi har også laga kvart hjelpeikon som eige snakkekort. Om de vil kan de skrive ut og laminere desse, og bruke dei på same måte som de har brukt snakkekorta for dei ulike følelsane. I så fall anbefalar vi at de også skriv ut plakaten med dei 8 følelse-barna og kombinerer med denne i samtalane.
Vi har også laga fargeleggingsark i ulike størrelsar. Det kan vere enklare å få gode samtalar om dette med små grupper barn om dei samtidig får sitte å fargelegge. Fargeleggingsarka kan i seg sjølv vere god hjelp for følelsar for enkelte barn.
På snakkekorta for dei ulike følelsane finn du også informasjon til vaksne om kvifor dei ulike er hjelpsame for følelsar. Anbefal gjerne også foreldra å sjå på desse.
På korta minner vi ofte om validering. Sjå gjerne filmen om validering igjen før de startar med dette.