Timen elevane skal ha om vennskap no i niande handlar om å vere ein god venn for andre, og vere ein god venn for seg sjølv. Når vi i Livet&Sånn har spurt elevar kva som er det viktigaste å lære om i timar om psykisk helse, svarar dei at det er korleis dei kan vere ein god venn for venner som har det vondt. Det er eit tema dei er svært opptekne av. Mange sit timesvis og pratar med venner om vonde tankar og følelsar. Ofte etter dei skulle sovna for natta. Det å leve seg inn i venner sine vanskar kan gjere vondt også for den som prøvar å hjelpe.
I denne timen prøver vi å lære ungdomane at det beste dei kan gjere for venner som har det vondt, ikkje treng å vere å sitte og lytte. Det å få med vennen sin ut i aktivitet, gjere på noko, få andre opplevingar, le litt saman - kan vere minst like viktig. Det å sørge for at venner får hjelp av vaksne er også ein fin ting. Bli med i den første samtalen med foreldre, helsesjukepleiar, miljøterapeut eller andre. Då blir terskelen kanskje lågare, og så kan ein som venn heller ha ei anna rolle enn å vere terapeut etterpå.
Det er også tydeleg at mange ungdomar er alt for strenge med seg sjølv. Slik dei snakkar til seg sjølv ville dei aldri funnet på å snakke til ein god venn! Difor er det fint å trene på å vere medfølande med seg sjølv. Vere ein like god venn for seg sjølv som for andre. Men dette kan vere veldig vanskeleg for mange, så snakk gjerne litt saman om det heime? Om du kikar litt på innhaldet i timen under her får du kanskje nokre idear til kva de kan snakke om? Sjølv om ungdomar kan sjå ut som dei ikkje vil at du skal bry deg, tek dei fleste ungomar imot forståing, støtte og omsorg. Når du lever deg inn i deira situasjon og viser at du forstår, har du truleg ein betre sjanse til å nå fram med andre ting seinare.