Takknemleg - 4. trinn

Takknemleg for ting eg allereie har

 

 

 

Keiserens gamle klede:

Vi skal jobbe litt med å sette pris på det vi allereie har, i staden for å alltid ønske oss noko nytt og betre. Det kan vere vanskelig, men også nyttig. La oss først sjå eit eventyr om han som heile tida ønska seg noko som var betre enn det alle andre hadde:

Keiserens nye klær frå Bedtime Stories Collection

Det gjekk ikkje så bra med keisaren. Vi skal late som om vi er tenerane til keisaren: 

  • Korleis kan vi overbevise han om at det er betre å ha dei kleda han allereie har i staden for å kjøpe desse nye magiske kleda?

  • Kan de kome på noko de kan sei til keisaren for at han heller skal sette pris på dei han allereie har?

La elevane samarbeide i grupper, og evt rollespille samtalen der dei får keiseren til å like dei kleda han har frå før.

 

Etiske sider ved ressursbruken vår:

 

Oppdrag Bærekraft - en film om verdens viktigste kunde frå FN-sambandet Norge

Sjekk at elevane forstod bodskapen: at det er viktig at vi venner oss til å sette pris på det vi allereie har, og ikkje kjøper meir enn vi faktisk treng – fordi det er viktig for miljøet vårt, jorda vår og eit berekraftig samfunn.

 

Aktivitet 3 ting:

Introduser: Noko viktig vi kan bidra med for å redusere forbruk og bidra til berekraft er å sette pris på tinga vi har, og bruke dette i staden for å kjøpe nytt – dersom mogleg. Barn treng nye klede og sko når dei gamle har blitt for små, men kanskje kan vi arve frå søsken/søskenbarn? Kanskje kan vi låne i staden for å kjøpe? Kanskje kan vi kjøpe brukt?

Med ting er det annleis, der ønsker vi ofte nytt sjølv om vi allereie har. No skal vi gjere ei oppgåve som handlar om tinga våre og finne ut at det er forskjell på det vi ønsker og det vi treng:

Be elevane kome på og teikne/skrive om desse 3 tinga:

 

1. Ein ting du er veldig glad i og aldri kunne tenke deg å gi bort – Kva gjer denne tingen spesiell for deg? 

Kva er du takknemleg for med denne?

 

2. Ein ting som du ønsker deg veldig, men kanskje ikkje eigentlig treng

Kvifor ønsker du deg denne?

Ville denne gjort deg takknemleg? Kor lenge? Korleis? 

Kor lenge ville gleda vart?

Kor fort ville du starta å ha lyst på noko anna?

 

3. Ein ting som du ønska deg veldig, og fekk, men som du blei lei av ganske fort.

Huskar du kvifor du ønska deg  denne? 

Kva gjorde at du blei lei av den?

 

Be elevane vise og fortelje kvarandre i grupper, og sjå om dei kjem på nokon fellestrekk med dei 3 tinga. Kva er det som gjer at vi blir spesielt glad i ting? Kva ting ønskjer vi oss utan å trenge dei? Kva ting blir vi fort lei?

 

Om tinga våre kunne snakke:

Sjå historia om fotoapparatet som blei kasta fordi det ikkje virka så godt lenger

CGI Animated Short Film HD "Last Shot " by Aemilia Widodo | CGMeetup frå CGMeetup

 

  • Har du noko heime som du har slutta å bruke, eller som ikkje er heilt som det var?

 

  • Kan du framleis ha glede av det likevel? Kan det fiksast litt? Er det nokon andre som kan få glede av det?

 

Her er ein anna film de eventuelt kan sjå i løpet av ein eller fleire timar om temaet. Nytt er ikkje alltid best!

CGI Animated Short Film "Embarked" by Adele Hawkins, Mikel Mugica and Soo Kyung Kang | CGMeetup

 

Djupnelæringsoppgåve:

Takknemmelighetsdagbok- skrive ned 3 ting vi er takknemleg for kvar dag.  

Til toppen