Takknemleg - for vaksne

Takknemleg - for vaksne

 

Kvifor har vi valt å ha takknemleg som tema? Enkle norske nettsøk på variantar av ordet «takknemleg» vil stort sett føre til treff frå religiøse sider eller mindfulness-inspirerte sider, gjerne blogginnlegg. Søker ein derimot på gratitude/gratefulness/thankful gjerne kombinert med «children» ser ein kor mykje større fokus ein har på dette i andre land. Er det slik at vi her i landet forbinder takknemlegheit med folkeskikk (sei takk), religion (takke Gud) eller mindfulness/yoga? I så fall går vi kanskje glipp av takknemlegheit som eit av verktøya for god psykisk helse.

I forskning om kva som gjer menneske lykkelege, eller kva som påverkar til god psykisk helse, er det ikkje uvanleg at det å kjenne takknemlegheit vert trekt fram. Når vi menneske fokuserer på det vi er takknemlege for («count your blessings») kan vi få hormon som oxytocin, dopamin og serotonin ut i blodet, noko som gjer at vi kjenner oss glade og tilfredse, og stresshormonet kortisol kan bli dempa. Det er altså ein heilt konkret ting vi kan gjere for å kjenne oss bra ei lita stund, og det kan også vare over tid. (Sjå lenkene under for meir om dette.) Livet&Sånn har som mål å styrke barn og unge si psykisk helse, og då har vi valt «takknemleg» som eit av våre faste tema.

Vi ønsker å øve på takknemlegheit med elevane. Dei yngste får også øve på den sosiale ferdigheiten «Å seie takk» når ein får noko eller får hjelp til noko. Men takknemlegheit som livsmeistringsstrategi er så mykje meir. Det handlar om å venne seg til å legge merke til det som er bra i livet, og verdesette det. Gi merksemd til det ein har fått, det ein har opplevd, det som er fint, dei ein har rundt seg, naturen, liv og helse – og kjenne at ein er takknemleg for dette. Gjerne takke nokon også om det er eit alternativ, men primært for registrere at mykje i livet er bra og sette pris på det.

Som med det meste i Livet&Sånn ønsker vi å oppmuntre til ein balanse. Det å øve seg på å legge merke til det som er bra treng ikkje å bety at ein alltid bør tenke positive tankar. Vi har mange uttrykk som kan ha mykje sant i seg, men som ikkje alltid passar så godt eller får ønska effekt når vi snakkar saman. Om ein seier «Det er i motbakke det går oppover» til nokon som har det tungt, kan det få dei til å kjenne seg meir aleine i smerten dei opplever. Når vi seier «tenk på barna i Afrika» til barn som er misfornøgde kan vi påføre skam og skyld, men hjelp dei sjeldan til å kjenne seg betre. Det kan vere provoserande for oss vaksne å registrere at barn er utakknemlege, kravstore eller uttrykker at dei har rett til noko. Då kan det vere freistande å konfrontere dei og samanlikne med alle som har det verre enn dei sjølv. Det er ikkje alltid hjelpsamt verken for barnet eller den vaksne. Når born kjenner på urettferdigheit el.l er det lurt om vi prøver å møte barnet i den opplevinga barnet har, før vi eventuelt utfordrer barnet til å utvide sitt perspektiv. (Sjå meir om takknemlegheit her).

Å trene på å verdsette det som er bra, også når andre ting er vonde og vanskelege, vil ikkje vere like nyttig for alle. Vi er ulike og treng ulike verktøy i verktøykassa vår for god psykisk helse. Difor gjer vi mykje ulike ting i Livet&Sånn, for at elevar skal finne noko som passar seg.

Takknemlegheit er også nyttig i eit berekraftperspektiv. Forbruket på jorda er for stort, og det å trene på å verdsette det vi har i staden for å heile tida skaffe nytt og betre er ein av måtane å endre haldningane på som igjen kan endre handlingane våre. Det er også nyttig med tanke på personleg økonomi som også er ein del av livsmeistringa elevar skal lære.

Følelsen denne månaden er takknemleg 

 

The Science of Gratitude frå Tremendousness

The Amazing Effects of Gratitude frå Braincraft

Til toppen