Takknemleg - 2. trinn

Takknemleg for naturen

 

 

 

I dette temaet kan de gjere aktivitetar ute eller inne.

Etter denne filmen kjem forslag til uteaktivitetar til temaet:

Nature Walk Song | CoComelon Nursery Rhymes & Kids Songs

 

Inneaktivitetar om temaet:

Tur, vi skal på tur: Musikkvideo fra Karsten og Petra - ut på tur

 

SANGFONI - JEG GIKK EN TUR PÅ STIEN frå NRK SUPER

Syng gjerne saman med dei. Etterpå ber du elevane sjå for seg at dei går ein tur på ein sti dei likar. Alle får eit tomt ark, eller ei side i Livet&Sånn-boka. Her skal elevane teikne ein sti som går gjennom arket, og så kan dei teikne alle dei forskjellige tinga dei ser frå stien som dei set pris på og er takknemleg for.

 

Korleis orda våre påverkar oss og andre

Thankful by The Juicebox Jukebox | 2021 Gratitude Appreciation Kids Songs Music Thanksgiving

Sjå filmen og snakk om korleis vi sjølve og andre kan bli påverka av at vi legger merke til og takkar for det som er bra.

 

Djupnelæring/heimeoppgåver:

  • Oppmuntre til elevar og foreldre til å vere ute i hagen eller nærområdet sitt og legge merke til kva dei likar der. Kjenne på takksemd for å ha hage, friområde eller natur rundt seg.
  • Korleis kan vi få hjelp av naturen når vi ikkje har det bra?
Til toppen