Seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar

Seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar

Forsida til handlingskortet frå Krisesenter for Sunnmøre, illustrert av Liza Hasan - Klikk for stort bilete  

 

 

Korleis kan skolane bruke handlingskorta frå Krisesenteret for Sunnmøre for å hjelpe elevar som treng det?

 

Det vi kan sjå

Bilde frå Handlingskortet frå Krisesenteret for Sunnmøre, illustrert av Liza Hasan - Klikk for stort bilete• Sår og blåmerke 
• Brann- og kuttskade 
• Søvn- og spiseproblem 
• Magesmerte 
• Endring i sinnsstemning 
• Sosial tilbaketrekking 
• Utagerande eller «pleasande» åtferd 
• Sårheit, smerter i underliv 
• Seksualisert åtferd 
• Sjølvskading 
• Hyppige legebesøk og innleggingar på sjukehus (med diffuse symptom) 
• Dårleg tannhelse 
• Familien motsett seg innsyn 
• Bruk av rusmiddel

Sjå eventuelt meir om dette i Kripos - Vold mot barn | Facebook

 

Det vi kan spørre om

Bilde frå handlingskortet til Krisesenteret for Sunnmøre - Klikk for stort bileteSpør kva som har skjedd, på ein ivaretakande måte. Ver nysgjerrig og utforskande. Start gjerne med:

-Eg har lagt merke til at...

og så skildre det du ser:

-du ofte har vondt i magen...?
-du verkar sliten/trøtt/trist?
-du har blåmerke på armen?
TIPS
• Gjenta det barnet seier.
• Still opne spørsmål, ikkje leiande.
• Bruk støtteord som hmm... - ja, fortel, fortel meir
• Spør gjerne fleire gongar.
• Avtal gjerne eit nytt møte med barnet.
• Skriv logg.
Sjå eventuelt også film nr 2 på denne sida fra RVTS Øst Den viktige samtalen - Rettentil.no
 

Akutte situasjonar 

Når du har grunn til å tru at eit barn blir utsatt for vald eller overgrep, eller kjem til å bli utsatt for det, har du plikt til å handle: 
• ved fysiske skader 
• ved alvorlege trugslar 
• ved mistanke om seksuelle overgrep 
• når barnet viser redsel for å gå heim 
• når barnet blir henta av rusa foreldre 
• ved mistanke om nært føreståande/gjennomført kjønnslemlesting eller tvangsekteskap 
Varsle politi og barnevern umiddelbart!

Sjå Avvergingsplikten - plikten som kan redde liv on Vimeo

Avvergeplikt Gjennom straffelova § 196 har vi alle ei personleg plikt til å anmelde eller på annan måte avverge og hindre straffbare forhold. Dette er eit personleg ansvar og det overstyrer teieplikta. - Klikk for stort bilete 

 

Bilde frå handlingskorta til Krisesenteret for Sunnmøre - Klikk for stort bileteAvklar 

-Det du sa i dag, kva meinte du da?
-Eg var ikkje der, fortel så godt du kan…
-Kva skjedde vidare då?
-Du har fortalt meg om…
 

Utvis varsemd og ikkje spør for detaljert. La barnet fortelje med eigne ord. Lag utfyllande notat. Synleggjer at det barnet har fortalt er viktig. Ikkje lov barnet at du ikkje skal seie det til nokon. Forklar barnet at du må snakke med nokon andre vaksne om det barnet har fortalt.

 

 

• Du kan rådføre deg med barnevern, krisesenter, barnehuset eller politi.

• Informer leiar om di bekymring. Legg ein plan for vidare handtering.

NB! Ved mistanke om vald og overgrep mot barn skal IKKJE føresette bli kontakta.

Sjå Går glipp av on Vimeo

 

Bilde frå Handlingskorta til Krisesenteret for Sunnmøre, illustrert av Liza Hasan - Klikk for stort bileteHandle

Kva gjer du ved mistanke om at eit barn er vitne til vald eller blir utsatt for vald eller overgrep? 

Send bekymringsmelding til barnevernet og politi!  

Rådføring: 
Er du usikker? Ring barnevern, politi, krisesenter eller barnehus for råd og rettleiing. 

Meldeplikt: 
Du har sjølvstendig plikt til å melde frå til barnevernet og politi ved mistanke om vald eller overgrep. Dei har ansvar for å undersøkje saka og avgjere vidare tiltak.

 

 

 

 

 

Lær meir om seksuelle overgrep her og om vald i nære relasjonar her. 

Til toppen