Vald i nære relasjonar

21 % av ungdom oppgir å ha vore utsett for fysisk vald frå foreldra sine i løpet av oppveksten, 6 % har vore utsatt for grov vald frå foreldra sine og 8 % har erfart vald mellom foreldra i følge Bufdir. Både jenter og gutar vert usett for vald, og mor er oftare den som utøver vald enn far. I praksis betyr det at vi kan ta utgangspunkt i at om lag fem elevar i kvar klasse har opplevd, eller kjem til å oppleve, vald heime. I tillegg kjem den valden dei opplever frå jamaldringar og seinare som vaksne.

Å utøve vald, eller trussel om vald, i nære relasjonar er ei kriminell handling. Alle vaksne veit at dette ikkje er lov. Likevel skjer det så ofte. Kvifor gjer det det?

Det å leve saman i ein familie er for mange slett ikkje lett. Mange har med seg eigne erfaringar med vald frå eigen oppvekst. Mange har ikkje så gode rollemodellar frå eigen oppvekst på korleis ein kjem seg gjennom dei vanskelege stundene saman på gode nok måtar. Kvardagen er for mange fylt av uro og frustrasjonar, oppgåver vi ikkje meistrar, ting som ikkje går slik vi ville dei skulle, lite søvn, dårleg tid med meir.

Det er ikkje så vanleg at vi snakkar med andre vaksne om det å bli sint heime, om det å ikkje få til, ikkje strekke til. Det er mykje skam knytt til dette, og ingen tradisjonar i kulturen vår for å vere open om slike utfordringar.

Når livet gjer vondt, og noko er vanskeleg, er noko av det viktigaste vi kan gjere å snakke med andre om det vi opplever, bli forstått og validert. Når vi må løyse slike ting aleine går det ikkje alltid så bra. Sjølv om vi er vaksne treng vi å meistre livet saman med andre, ikkje aleine.

Det er viktig at det blir greitt å sette ord på at det å bli rasande sint og miste kontrollen. Og vi som vaksne må hjelpe kvarandre med å uttrykke forståing for at det er mogleg å bli så sint!

Det er kjempevondt å bli så sint at ein skremmer eller skader sine eigne. Dei færraste trur framleis at det er bra for barn å bli utsett for vald, så ein veit oftast at det ein gjer er skadeleg for barnet sitt. Men kva skal ein gjere i staden når alt kokar over? Eller kva kan ein gjere for å oppdage at sinnet er på veg, og ta grep før det er for seint? Og ikkje minst, korleis kan ein fungere saman i familien slik at ein ikkje blir så sint i utgangspunktet?

Vi veit etter kvart mykje om kva skadeverknadar det kan få for barn og unge å oppleve vald i oppveksten. Stressbelastninga frå å leve med vald påverkar helse, læring og utvikling både i notid og framtid. Det er difor viktig at barn får lov til å fortelje om vald dei opplever heime. Då må barn vite at dette er noko det er mogleg å snakke om, difor skal vi lære om vald på skulen.

Når barn fortel om vald kan familien få hjelp. Den som utøver vald kan få hjelp til å slutte med dette og dei som opplever vald kan få hjelp til å bearbeide det dei har opplevd.

Bruk gjerne dette personalkurset om vald og seksuelle overgrep