Tema for kvar månad
Vi har valt å lage eit opplegg der alle elevar på skolen jobbar med det same temaet kvart år.
I tillegg til undervisningsmateriale for elevane har vi laga sider for kvart tema til de som er vaksne. Dette er viktige sider for refleksjon og handlingskompetanse. Det er ikkje tenkt som lærar-rettleiing, for timane for elevane er moglege å gjennomføre utan å ha lest desse sidene. Det er likevel viktig å jobbe med sidene for dei vaksne i forkant av kvart tema for å få best resultat av å bruke Livet&Sånn.
Innhaldet i kvart tema er valt ut i tverrfagleg samarbeid. Kunnskapsløftet har ein del kompetansemål som er relevante for desse timane, men i tillegg har vi inkludert ein del som psykologar, barnevernspedagogar, helsesjukepleiarar, sosionomar, spesialpedagogar, lærarar og andre har vurdert viktig for å styrke barn og unge si psykiske helse. Sjølv om mange av desse temaene ikkje er nye i skulen er innhaldet sterkt prega av psykologfagleg og helse- og sosialfagleg tankegang. Dei representerer såleis nytt innhald i skolen.
Følelsar
I Kunnskapsløftet sin overordna del står det at Folkehelse og livsmestring som tverrfaglig tema i skolen skal gi elevane kompetanse som fremmer god psykisk og fysisk helse. Aktuelle områder innenfor temaet er blant anna å kunne håndtere tanker, følelsar og relasjonar. Likevel er ordet følelse knapt nemnt i eitt einaste kompetansemål. I Norsk heiter det: «I norsk handler det tverrfaglige temaet folkehelse og livsmestring om å utvikle elevenes evne til å uttrykke seg skriftlig og muntlig. Dette gir elevene grunnlag for å kunne gi uttrykk for egne følelser». Men det å vere god på å uttrykke seg muntleg og skriftleg i norsk er ikkje det same som å vere god på å forstå følelsane sine og vere komfortabel med å snakke om desse!
Når vi bygde opp Livet&Sånn var difor den tydelege anbefalinga frå fleire faggrupper at vi likevel skulle prioritere å lage gode undervisningstimar om følelsar. Vi valte difor å lage ein time om følelsar til kvar månad, og sette denne i samanheng med temaet denne månaden. Desse timane skal reviderast snart, då tilbakemeldingane viser at lærarane synes det er lettare å jobbe med tematimane enn desse som dei sjølv må tilpasse.
Det er ofte slik at det ein fokuserer på om følelsar er korleis ein ser ut, kanskje kva ein kjenner ulike stadar i kroppen, og deretter på kva ein kan gjere for å dempe den aktuelle følelsen. Vi vil lære elevar og deira vaksne at følelsar er viktig informasjon til oss. Dei gir oss viktige beskjedar om kva vi reagerer på og dei seier noko om kva vi treng. Difor valte vi å lage hjertehjulet i samarbeid med psykologar. Hjertehjulet kan du lære meir om her.
Frosketid
Vi er ulike og treng ulike verktøy for å ha det bra i kvardagen. Nokon har stor nytte av strategiar der ord ikkje er viktige. Elevar kan difor lære å bruke pusten sin, kroppen, bevegelse og musikk for å kjenne seg betre.
Frosketid kan du lese meir om her.
Det er mange måtar å bruke dette på. Mellom anna anbefalar vi å bruke Frosketid:
- Som oppstart av morgonen
- Etter langfriminutt om elevane er høgt gira
- Midt i ei lang arbeidsøkt for å få energi
- Heime ved leggetid
- Ved behov for endring av tilstand
Til læraren
Dette er sida du er inne på no. Denne sida kom til etter kvart fordi vi såg at der var behov for lett tilgjengeleg rettleiing av korleis ein bruker Livet&Sånn.
Vi starta arbeidet med å forme innhaldet til «Trygt her!», men har måtta prioritert andre oppgåver i prosjektet. Vi håpar likevel å få dette på plass om ikkje lenge. Her vil de finne nyttige hjelpemiddel for at eleven skal kjenne seg trygg i klassa, trygg på skolen og at du vert ein trygg vaksen for dei.
Vi i Livet&Sånn er svært opptekne av at livsmeistring ikkje er noko individuelt prosjekt. Barn og unge skal ikkje og kan ikkje lære å meistre livet aleine. Det vi lærer dei er i stor grad å fortelje til vaksne korleis dei har det for å få hjelp. Då er det viktig at vi som er vaksne veit korleis vi best kan hjelpe. Det er saman vi meistrar livet best!
Nytt frå 2022 er kompetansehevingsøkter. Vi har laga 11 filmar til vaksne med tilhøyrande oppgåver. Det er mykje å gjere og lite tid til kompetanseheving for dei som jobbar i skole. Vi har difor valt å lage eit opplegg som er særdeles kort og komprimert. Tanken er at det er betre at de brukar 15-30 minutt no og då gjennom året, enn at berre nokon skal få lære dette, eller at alt skal lærast og øvast på i løpet av 1 planleggingsdag i august. De kan sjølvsagt gjerne bruke fleire av øktene som ein heil eller halv planleggingsdag også, men det treng ikkje vere betre enn å spreie dei gjennom året. Det er fullt mogleg å repetere dei fleire gongar også, for påminning og fleire refleksjonar. Dette vil auke sjansen for at ein huskar å bruke det i kvardagen.