Om Frosketid

Frosketid er små øvingar der elevane får trene konsentrasjon, merksemd, balanse og styrke på ein ikkje-konkurrerande måte. Vi er ulike, gjer øvingane ulikt og det er greitt. Det er ikkje om å gjere å få det til, eller å bli best. Øvingane er basert på kunnskap om korleis ein kan bruke pusten, kroppen og instruksjonar for å endre tilstand, meistre stress og uro, styrke helse og velvere og bygge eit godt sjølvbilde.

Frosketid kan dekke fleire behov. Øvingane skal gje elevane erfaringar med å endre tilstand gjennom pusten og kroppen sin. For å meistre ubehag i livet kan ein jobbe ovanfrå og ned (med tankane for å roe kroppen/følelsane) eller ein kan jobbe nedanfrå og opp (med kroppen og pusten for å roe tankane/følelsane). Gjennom Livet&Sånn får elevane trene på begge deler, då nokon gjerne har meir nytte av den eine varianten enn den andre. I Frosketid trener vi på strategiar for helse og livsmeistring «nedanfrå og opp».

Samanhengande stillesitting over lengre tid gjev ikkje dei beste føresetnadane for læring. Skuledagen er av praktiske årsakar ofte utforma slik at elevar er på klasseromet, gjerne sittande på plassen sin, i 45, 60 eller 90 minutt i eitt strekk! Her er det ofte lite plass, og aktivitetar kan lett medføre uro og kaos der det tek tid å roe elevane og få dei i gang med læringsaktivitet etterpå.

Elevar har behov for å strekke og røre litt på seg. Frosketidøvingar kan gjerast inne på klasserommet utan å ta stor plass, dei forstyrrar ikkje naboklassene med å vere høglydte, og dei endar alltid med ro som fører til konsentrasjon. Slik vert det lett å gå vidare til læring etterpå. Øvingane kan til dømes nyttast av lærar for å roe ned ei klasse etter eit friminutt, få opp energien og konsentrasjonen i ei lang arbeidsøkt eller brukast i byttet mellom to fag samla i ei læringsbolk.

Vi lagar Frosketidøvingane på filmar som ligg på YouTube. Læraren står saman med elevane og gjer øvingane med fokus på skjermen. Andre øvingar ligg skriftleg slik at lærar kan lese/leie. Øvingane bør lesast med rolig instruksjon med «innestemme». Vent til det er stille før du startar, eller sett på pustemusikken til Calm Kids og skru gradvis opp volumet medan du spør om dei hører musikken for å få det stille i rommet. Dei som eventuelt nektar å vere med kan sitte stille på plassen sin utan å sjå på dei andre, eller legge seg over pulten og «sove». Dette kan også ha ønska effekt, og dei kan lett fokusere på eigen pust etter instruksjonane sjølv om det ser ut som dei melder seg ut.

Fortel elevane at det ikkje er meininga å puste slik vi gjer i Frosketid heile tida. Til vanleg skal pusten vår gå av seg sjølv. Slike pusteøvingar kan vi gjere innimellom når vi har behov for det. Øvingane kan gjerast sittande, liggande eller ståande. Augene kan vere lukka eller opne, men vi seier aldri at alle skal lukke augene då dette kan vere utrygt for enkelte.

Så kvifor dette rare namnet? Mest for å gi det eit namn som ikkje låser innhaldet til noko mindre enn dette er. Og frosken er skikkelig god på noko vi ikkje gjer så ofte i kvardagen: den kan sitte heilt stille, utan å gjere på noko, utan å snu seg rundt, utan å sjå på ein skjerm - og likevel vere heilt våken. Alle sansane er på, den får med seg lukter, lyder, lufta som rører huda, sin eigen pust ut og inn. Når vi har Frosketid gjer vi litt som frosken. Vi fokuserer på oss sjølv og legger merke til pusten vår og kroppen vår, aksepterer oss som vi er. Frosken er ikkje alltid rolig. Den kan også hoppe, sprette og kvekke. På barnetrinnet kan det vere behov for å få røre litt på seg før ein finn konsentrasjonen igjen, så då er Frosketida litt meir aktiv.

 

Har du tips og erfaring med gode aktivitetar som kan passe inn i Frosketid? Tips oss!