Meir om dei ulike punkta i hjertehjulet:
Følelsen:
Namnet på følelsen
Utanpå:
Det som er utanpå eller utanfor oss.
Korleis ser følelsen ut? Korleis er ansiktet? Kroppen? Dette er nyttig informasjon for dei rundt oss. Når vi viser følelsane våre utanpå, er det lettare for andre å forstå, tilpasse seg og hjelpe oss.
Dette dekker også rammene følelsen oppstod i: Kva var det som skjedde? Kva var opplevinga du hadde når følelsen kom?
Dette er ofte det første barn lærer om følelsar: korleis den ser ut + kva som har skjedd.
Inni:
Kva kjenner vi i kroppen når vi har denne følelsen? Bruk gjerne sjekklista:
• Pulsen er:
• Temperaturen er:
• Musklane er:
• Magen kjennes:
• Hjertet kjennes:
• Hovudet kjennes:
• Beina kjennes?
• Armane kjennes?
Det å kjenne att følelsen sine signal i kroppen, er nyttig for å oppdage tidleg at kroppen forsøker å seie frå om noko. Då kan ein raskare gjere det ein treng. Bruk gjerne ein tom «peparkakemann» til å teikne korleis følelsar kjennes inni oss.
Beskjed:
Kva vil følelsen fortelje oss? Alle følelsar kjem av ein grunn, som ein reaksjon på noko, for å seie frå om noko. Skal følelsen åtvare oss? Oppmuntre oss? Gjere oss klare til kamp eller flukt?
Ved å lytte til følelsen, og undre oss over kva den vil, gjer vi det lettare for oss sjølv og andre å hjelpe oss.
Behov:
Kva treng vi når vi kjenner det slik?
Dei fleste følelsar treng å bli lytta til og anerkjent «Det er heilt forståeleg at eg/du kjenner det slik når dette har skjedd!». Så seier følelsen samtidig frå om at vi kan trenge noko frå andre som: omsorg, nærleik, trøst, støtte, hjelp eller anna.
Det er ikkje alltid andre er der og kan hjelpe: kva kan vi då gjere for oss sjølv? Gjere på noko? Høre på musikk? Teikne/skrive/lese/sjå på noko? Puste rolig? Springe/trene?
Under:
Den følelsen vi kjenner og uttrykker overfor andre, skjuler ofte andre følelsar som ligg under. Vi kjenner oss sinte og uttrykker det, men eigentleg er vi kanskje redde eller triste til dømes.
Det å finne ut kva for ein følelse som ligg under, men ikkje kjem fram, er nyttig. Først då kan vi møte dei behova denne følelsen har. Vi kan få hjelp og støtte om vi er redde, eller trøst og omsorg når vi er triste, i staden for å bli møtt på det sinnet som ligg utanpå.
Når følelsar «kokar over» har det også gjerne bygd seg opp over tid. «Under» rommar også det som har skjedd tidlegare som gjer at «bøtta er full» slik at «dråpar kan få det til å renne over».
Dette er noko avansert. Barna vil trenge hjelp av oss vaksne for å finne ut av dette. «Du ser og høres sint ut, men er det noko anna som plager deg? Er det noko du tenker på, eller noko som er vondt og vanskelig?» «Er dette ein følelse du har kjent før? Fortell.»
Denne kan de printe ut og la elevane fylle ut sjølve. Når elevane er kjend med hjertehjulet kan det hende nokon ønskjer å bruke denne når dei har følelsar dei vil snakke om. Om dei blir sittande å fargelegge gjer det ikkje så mykje, det har også regulerande effekt på følelsar.
Denne kan de eventuelt printe ut i a3-format og henge opp på klasserommet for å minne om dette i kvardagen.