Trygg vaksen for barn

 

 

Når vi brukar foreldremøta frå Livet&Sånn:  Vi ser filmar og gjer oppgåver saman.  Møteleiar har ikkje rolla som ekspert eller foredragshaldar.  Vi jobbar med oppgåver og reflekterer saman utan å dele det som er privat eller personleg om oss sjølv og eigne barn.  Vi er ulike, barna våre er ulike og liva våre er ulike. Det som passar nokon passar ikkje alle. Ta med deg det som kjennes rett eller lurt, og la resten fare forbi. - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Sjekk og juster eigen tilstand Sjekk og juster barnet sin tilstand Når tilstanden er god nok –     støtt barnet i å få til! Om noko vart feil, ta ansvar,     reparer relasjonen og lad opp batteria - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Kva kan vere lure triks  for å roe ned sinne når  ein er saman med barn? - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Situasjon til oppgåve: Du blei sint på barnet fordi barnet somla (som vanleg) på veg ut av heimen om morgonen. Du var stressa fordi du ikkje ville kome for seint på jobb, og klarte ikkje behalde roa.   Du skulda barnet for å øydelegge dagen din med vilje, og trua med at barnet ikkje skulle få bruke iPad resten av veka om barnet ikkje skjerpa seg og vart snill.  På veg til barnehagen angrar du og skammar deg over måten du løyste dette på. Du veit jo at det er ditt ansvar at barnet klarer å kome seg ut av døra i tide om morgonen, og ønsker ikkje at det du sa skal øydelegge vidare for deg og barnet.   Du forsøker å reparere.  - Klikk for stort bilete

 Oppgåve reparasjon (PDF, 141 kB)

 

 

 

Unnskyld at eg var sur og kjefta, men du må jo forstå at du ikkje kan somle sånn når vi skal rekke jobben og barnehagen!  Å, eg er så lei for at det blei så dumt. Eg vil jo ikkje vere sånn slem og dum som kjeftar på deg! No har eg så vondt inni meg fordi eg var så sint i stad.  Viss du blei lei deg når eg kjefta i stad så er eg lei for det.  Eg er lei for at eg var så sint i stad. Du skjønar, eg blir så stressa om morgonen når eg trur eg ikkje rekk jobben min. Vi som er vaksne MÅ rekke jobbane våre, og derfor er det så viktig at vi går i tide. Og da blir eg av og til alt for sint og sur når eg trur eg kjem for seint.  Eg er veldig lei for at eg vart sint og kjefta på deg i stad. Det må ha vore veldig vondt for deg. Unnskyld. Det er mitt ansvar at vi kjem oss ut i god nok tid. Eg skal bli flinkare til å få det til. - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

«Eg er veldig lei for at eg vart sint og kjefta på deg i stad.  Det må ha vore veldig vondt for deg.  Unnskyld.  Det er mitt ansvar at vi kjem oss ut i god nok tid.  Eg skal bli flinkare til å få det til.» - Klikk for stort bilete