Kom i gang

Denne filmen gir ein introduksjon til det som no ligg på sida her for ungdomstrinnet. Sjå denne i personalgruppa eller teama før de startar opp.

 

Kor mykje tid er det lurt å bruke?

Dette materiellet er laga for å brukast jamt og trutt gjennom året. Ein time i månaden er fint, 1 time i veka er betre. Elevane svarer i evaluering at det er viktig å bruke tid på oppgåvene der dei får snakke med kvarandre. Å sjå filmane utan å bruke oppgåvene er ikkje like bra. 

På ein time i månaden rekk ein å bruke introduksjonstimen. Det ligg ulike oppgåver nedst på sidene som ein kan bruke vidare i ulike fag, eller gjerne tverrfagleg om ein set av ein fast time på timeplanen til dette. Det ligg i tillegg oppfølgingstimar her som ein kan bruke. Elevane seier i evaluering at dei ønskjer seg 2-4 timar i månaden til dette. Dei er samtidig opptekne av at timane ikkje skal erstatte frie arbeidstimar der dei elles kunne jobba med oppgåvene på arbeidsplanen sin, då dette aukar stress og elevane vert meir negative til undervisninga.

Om ein legg ein fast time i veka til Livet&Sånn på timeplanen, kan denne innimellom også brukast til andre relevante samtalar og drøftingar som klassa har behov for. Då har kontaktlærar ein time i veka med elevane som ikkje skal nyttast til eitt spesielt fag, men til læring og utvikling innan folkehelse og livsmeistring på tvers av fag. Ein time som i tillegg til å dekke kompetansemål også vil styrke det psykososialt læringsmiljøet. Dette er mogleg å gjere innanfor dei rammene læreplanen har lagt.

 

Kven har timane og når?

Før ein startar opp med Livet&Sånn er det lurt å snakke i personalet om korleis ein vil bruke dette materialet saman. Skal kontaktlærar ha alle timane? Når skal ein ha dei? Timar som handlar om sårbare tema bør ikkje ligge etter lunsj på fredagar, då elevane kan ha behov for å snakke med nokon i etterkant før helg. Skal elevane sjølve få velge djupnelæringsoppgåver å jobbe vidare med individuelt eller i grupper? Skal ulike fagområde jobbe vidare med temaet i ulike månadar og bruke desse oppgåvene der? Kva gjer ein med vurdering?

Vi vil på det sterkaste anbefale at elevane får jobbe med Livet&Sånn utan å bli vurdert for innsatsen i desse timane. Dei ulike temaene kan treffe elevar på ulike måtar etter kva erfaringar og opplevingar dei har med seg i livet. Difor bør dei sleppe å tenke på vurdering medan dette er i fokus. Men om elevane jobbar vidare med oppgåvene for djupnelæring og de brukar mykje tid på dette frå fleire fag, vil noko vurdering kanskje likevel bli aktuelt. Kanskje kan elevane sjølve få velge om dei vil ha konkrete oppgåver vurdert? Kanskje kan til dømes ein engelsk podkast om eit tema bli med i vurderinga for engelsk - dersom eleven ønskjer dette? Dette er drøftingar de bør ha i personalet før de startar opp. 

 

Involver heimane

Det er fint om de legg ein plan for involvering av foreldre i dette arbeidet. I kvar time for elevane er der ein eigen tekst til foreldra. Når de sender lenke til foreldra kvar månad får foreldra både lest teksta til dei om temaet, og dei får høve til å sjå kva elevane skal sjå av filmar og ha av oppgåver på skulen. Det kan gi eit godt utgangspunkt for foreldre til å få lære noko av det same som elevane gjer, og utvikle eit felles språk for dei ulike temaene.

Bruk gjerne temakveldar for heimane for kvart trinn

 

Bruk kompetansehevingsøktene

Vi har laga 11 filmar til vaksne med tilhøyrande oppgåver. Av praktiske hensyn er desse like for 1.-10. trinn. Sjølv om det vert snakka om "barn" i filmane er bodskapen like aktuell for ungdom. 

Det er mykje å gjere og lite tid til kompetanseheving for dei som jobbar i skole. Vi har difor valt å lage eit opplegg som er særdeles kort og komprimert. Tanken er at det er betre at de brukar 15-30 minutt no og då gjennom året, enn at berre nokon skal få lære dette, eller at alt skal lærast og øvast på i løpet av 1 planleggingsdag i august. De kan sjølvsagt gjerne bruke fleire av øktene som ein heil eller halv planleggingsdag også, men det treng ikkje vere betre enn å spreie dei gjennom året. Det er fullt mogleg å repetere dei fleire gongar også, for påminning og fleire refleksjonar. Dette vil auke sjansen for at ein huskar å bruke det i kvardagen.

 

Spesielt i oppstartfasen

Timane for 8., 9. og 10. trinn er ulike. Om elevane startar i 9. eller 10. trinn og ikkje har hatt timane frå 8. trinn, kan dei kanskje hatt nytte av noko av dette meir grunnleggande materialet før ein går vidare. De kan difor vurdere å bruke materiale frå lågare trinn, men ikkje frå høgare trinn, - om de tenker dette er lurt.

Livet&Sånn er eit prosjekt i utvikling, det kjem heile tida meir. Timane til 10. trinn på vårsemesteret vert lagt ut i løpet av hausten 2022.

 

 

  • Er det meir de treng av informasjon eller hjelp før de startar?
  • Har de ønskje eller innspel til kva som bør med eller noko som bør endrast?

Ta kontakt med prosjektleiar!