Til skolane

Til skolane

 

Denne filmen gir ein introduksjon til det som no ligg på sida her for ungdomstrinnet. Sjå denne i personalgruppa eller teama før de startar opp.

I Ålesund skal alle elevar få minimum 1 time kvar månad med Livet&Sånn på 8. -10. trinn. Då brukar ein opplegget for kvart tema frå topp og ned så langt ein kjem. Elevane har uttrykt at dei ønskjer meir enn dette. Gjerne ein fast time i veka. Materialet er no laga slik at skulane skal kunne ha ein fast time i veka om dei vil. Då startar ein kvart tema med introduksjonstimen, og kan fortsette med oppfølgingstimar som ligg her og oppgåvene som ligg nederst på kvar side.

Om ein legg ein fast time i veka til Livet&Sånn på timeplanen, kan denne innimellom også brukast til andre relevante samtalar og drøftingar som klassa har behov for. Då har kontaktlærar ein time i veka med elevane som ikkje skal nyttast til eitt spesielt fag, men til læring og utvikling innan folkehelse og livsmeistring på tvers av fag. Ein time som i tillegg til å dekke kompetansemål også vil styrke det psykososialt læringsmiljøet. Dette er mogleg å gjere innanfor dei rammene læreplanen har lagt.

Før ein startar opp med Livet&Sånn er det lurt å snakke i personalet om korleis ein vil bruke dette materialet saman. Skal kontaktlærar ha alle timane? Når skal ein ha dei? Timar som handlar om sårbare tema bør ikkje ligge etter lunsj på fredagar, då elevane kan ha behov for å snakke med nokon i etterkant før helg. Skal elevane sjølve få velge djupnelæringsoppgåver å jobbe vidare med individuelt eller i grupper? Skal ulike fagområde jobbe vidare med temaet i ulike månadar og bruke desse oppgåvene der? Kva gjer ein med vurdering?

Vi vil på det sterkaste anbefale at elevane får jobbe med Livet&Sånn utan å bli vurdert for innsatsen i desse timane. Dei ulike temaene kan treffe elevar på ulike måtar etter kva erfaringar og opplevingar dei har med seg i livet. Difor bør dei sleppe å tenke på vurdering medan dette er i fokus. Men om elevane jobbar vidare med oppgåvene for djupnelæring og de brukar mykje tid på dette frå fleire fag, vil noko vurdering kanskje likevel bli aktuelt. Kanskje kan elevane sjølve få velge om dei vil ha konkrete oppgåver vurdert? Kanskje kan til dømes ein engelsk podkast om eit tema bli med i vurderinga for engelsk - dersom eleven ønskjer dette? Dette er drøftingar de bør ha i personalet før de startar opp. 

I tillegg er det fint om de legg ein plan for involvering av foreldre i dette arbeidet. I kvar time for elevane er der ein eigen tekst til foreldra. Når de sender lenke til foreldra kvar månad får foreldra både lest teksta til dei om temaet, og dei får høve til å sjå kva elevane skal sjå av filmar og ha av oppgåver på skulen. Det kan gi eit godt utgangspunkt for foreldre til å få lære noko av det same som elevane gjer, og utvikle eit felles språk for dei ulike temaene. Etterkvart vil det kome opplegg for foreldremøte for kvart trinn, men truleg først frå neste skuleår. Det er likevel fint om de viser heimesida på informasjonsmøte for foreldra allereie no, slik at foreldra er førebudd på at dei vil få lenker å sjå på kvar månad gjennom skuleåret.

Timane for 8., 9. og 10. trinn er ulike. Dei som no startar i 9. eller 10. trinn har ikkje hatt timane på 8. trinn, og kunne kanskje hatt nytte av noko av dette meir grunnleggande materialet før ein går vidare. De kan difor vurdere å bruke materiale frå lågare trinn, men ikkje frå høgare trinn, - om de tenker dette er lurt.

Som nemnt i filmen er ikkje alt materialet ferdig enda. Det var eigentleg ikkje meininga å lage nytt materiale til ungdomstrinnet før seinare i prosjektperioden, men korona opna for å hive seg rundt tidlegare. Det meste av det som skal brukast i haust er ferdig. Alt blir ferdig før det skal brukast.

  • Er det meir de treng av informasjon eller hjelp før de startar?
  • Har de ønskje eller innspel til kva som bør med eller noko som bør endrast?

Ta kontakt med prosjektleiar!

Til toppen