Bruk dagsplan

Bruk dagsplan

Naturfag - Klikk for stort bileteKroppsøving - Klikk for stort bilete
Friminutt - Klikk for stort bilete
Mange elevar har stor nytte av visuelle dagsplanar i klasserommet. Ved å sjå kva fag som kjem denne dagen, kva som kjem etterpå, sjå at timane forsvinn ein etter ein – kan eleven ha meir oversikt, og mindre å forsøke å halde styr på sjølv. Det kan gi betre konsentrasjon og energi til det ein skal.
Det finnast mange måtar å lage dagsplanar på, og mange måtar å bruke dei på. Vi anbefalar desse ferdige malane for dagsplan (PDF, 4 MB) som vi har laga, fordi dei er dysleksivennlege, har symbol, men er samtidig ryddige og enkle. Dette er tilgjengeleg for alle, og kan difor brukast på alle klasserom.

Skriv ut, klipp og laminer. Fest ei remse med borrelås ved sidan av tavla, lett synleg med litt plass rund. Fest motsett del av borrelåsen på faga, og legg desse i ei mappe eller lita korg i nærleiken.
På starten av dagen set de opp dagen saman og snakkar kort om kva som skal skje i dag. Dersom det skal vere vikarar, eller andre endringar, informerer du kort om det. Er det noko som skal inn som ikkje er eit standardfag, skriv du på dei kvite/tomme og set opp dei også.

Om du vil kan du gjere dette digitalt på smartboard også, men for enkelte elevar er det viktig at denne er synleg heile tida, og smartboarden vert brukt til mykje ulikt, så dette blir i tillegg til og ikkje i staden for. Bruk helst dei bildefilene som ligg her på sida, slik at dei er like dei som står på veggen.

Så er ein viktig del av poenget her at du tek bort timar og friminutt som de er ferdige med. Ikkje la heile dagen bli ståande til neste dag. Dagsplanen skal bli mindre og mindre etter kvar ting de er ferdig med. Elevane brukar å vere gode på å minne lærarane på dette, og det er det fint om du set pris på at dei gjer det.

Noko som manglar? Bruk dei tomme boksene i dette dokumentet (DOTX, 20 kB) til å lage dei de har bruk for sjølve.

Til toppen