Mange unge er redde for å skilje seg ut og vere annleis. Ungdommar er i utvikling. Pubertetstida pregar både fysisk og psykisk. Mange har tankar rundt seksualitet og kjønn. Kven er eg? Kva likar eg? No når «alt er lov», korleis kan eg då vite kva eg vil? Ungdommar bruker kvarandre for å finne ut av det meste og søker gjerne fram svar på nettet. Uansett kan det vere greitt å også snakke med vaksne om slike ting for å sortere, kva er normalt og kva betyr alt dette?
Heldigvis er det mange som kjem til oss helsesjukepleiarane med slike tankar. Det å få sette ord på tankar og følelsar knytt til dette mangfaldet og få bekrefta desse frå ein vaksen kan utgjere stor forskjell. Saman med oss kan elevar finne ut at dei kanskje ikkje er så annleis enn andre likevel, eller at andre ikkje er så like som ein trur. Vi kan hjelpe ungdommen til å endre tankane om seg sjølv, og trygge dei på korleis dei kan møte verda best mogleg, sjølv om også dei er annleis enn alle andre.
Nokre elevar treng eit trygt rom å lufte slike tankar om seg sjølv i, utan å vere redd for at andre får vite om det. Det kan dei hos helsesjukepleiar. Når dei eventuelt er klare til å snakke med foreldre, lærar eller venner om dette kan vi vere med i samtalen om dei vil.
Identitetsutvikling, tankar om kven eg er og kven eg vil bli eller vere og korleis eg ønsker at andre skal oppleve meg er noko som rører seg i den unge. Trygge vaksne er med på å gi den unge rom for å vere seg sjølv og la seg få utvikle i sitt eige tempo. Den unge tar meir og meir del i eiga helse og lærer å ta gode val for seg sjølv.