Trygg på skulen

 

1. Å kjenne seg utrygg og bli trygg

OneRepublic - Rescue Me

 

 

Tekst: Kva gjer oss trygge/utrygge på skulen? Kva kan vi gjere for å få andre til å kjenne seg trygge? - Klikk for stort bilete

 

 

 

2. Vanlege frykter når ein starter på ny skule

Lost On The First Day Of High School frå Storybooth

 

 

Oppgåve: Det verste som kan skje på ny skule eller i ny klasse. Fyll ut i boksene. - Klikk for stort bilete

  

 

 

 

3. Ei lita øving om å bli trygg på seg sjølv:

 

 

4. Ei lita oppmuntring til å tørre!

Inner Workings | Proyecto Académico frå Jorge Tenorio

 

Tekst: Kva har du eigentleg lyst til, men du er litt redd for kva som skjer om du gjer det? Kva kan bli bra om du tørr å prøve likevel? Skriv gjerne ned på ein lapp for deg sjølv, del med den du sit saman med, eller noter på mobilen. - Klikk for stort bilete

 

 

 

Jobbe vidare med temaet?

 

 

 

 

Etter filmen kan elevane jobbe med nokre av desse oppgåvene: •	Korleis verkar alarmsystemet vårt – og kvifor kan det gi beskjed om at noko er utrygt sjølv om det eigentleg er trygt?  •	Korleis kan det kjennes å vere utrygg i klassa – teikn gjerne på ein pepparkakemann-figur kva ein kan kjenne i kroppen sin når ein er redd/utrygg. Kva treng ein når ein har det slik? Teikn, skriv og forklar.  •	Lag eit rollespel som viser ein som er redd, men blir trygg saman med andre.  •	Elevane får skrive små brev til seg sjølv om korleis dei håper desse tre åra på ungdomsskulen skal bli. Kva vil dei gjere for at dei sjølv og andre rundt seg skal kjenne seg trygge? Utifrå kva dei tenker no når dei er nye saman – kven trur dei at dei kjem til å bli venner med, korleis trur dei at det vil bli å gå i denne klassa? Be dei lagre breva fram til 10. klasse og sei at dei kan lese dei då. - Klikk for stort bilete