Tenåringstida er ei tid med nye utfordringar i vennskap. I desse timane får elevane bli meir medvitne kva som er viktig for dei i val av venner, dei får jobbe med gruppepress, med rykter og ryktespreiing.
Her finn du forklaringar og meir innhald: Instruksjonar for lærar - Venner 7. trinn (PDF, 290 kB)
Vil du printe ut bildet av Sokrates sin trippelfiltertest? (PDF, 275 kB)
Kombiner gjerne med noko frå timen om mobbing.
Om de ønskjer å jobbe meir med dette så la elevane få jobbe vidare med valfrie oppgåver:
- Dei kan lage rollespel om gruppepress som viser lukkeleg løysing
- Dei kan skrive ein tekst om nokon som høyrde eit rykte, skulle til å fortelje vidare, men greidde å bruke Sokrates sin trippelfiltertest
- Dei kan lage ein teikneserie om gruppepress eller rykter
- Dei kan lage ein rap, dikt, plakat eller anna visualisering av Sokrates sin trippelfiltertest
- Dei kan finne meir informasjon om Sokrates – er det noko anna lurt vi kan lære av han?
- Dei kan jobbe med eigne val i vennskap – kva er viktig for meg i vennskap
- Dei kan lage ein plakat om kva som er gode eigenskapar ein god venn har