Korleis bruke materialet

I Kunnskapsløftet 2020 står det som kompetansemål i samfunnsfag for 4. trinn at eleven skal kunne samtale om grenser knytt til kropp, kva vald og seksuelle overgrep er, og kvar ein kan få hjelp dersom ein blir utsett for vald og overgrep.

Bruk gjerne personalkurset om vald og overgrep i forkant av denne månaden!

I Vondt og vanskelig denne månaden ligg der tre ulike tema. Vald - Seksuelle overgrep - Barn som pårørande. Det er fleire ulike måtar å bruke dette materialet på, og skulane gjer ei vurdering av dette saman med helsesjukepleiar.

Som utgangspunkt foreslår vi å rullere slik at ein tek eitt tema kvart år. Då får elevane undervisning om kvart tema både på 1.-4. trinn og 5.-7. trinn.

Den viktigste årsaken til at vi skal snakke ofte nok om vald og seksuelle overgrep, er at barn som opplever dette skal vite at dette ikkje er lov, og at dei både bør, og har lov til, å fortelle om dette til andre vaksne dei stoler på. Kva som er ofte nok, er det delte meiningar om. Vi har foreslått kvart tredje år pr tema for å inkludere Barn som pårørande inn i dette opplegget. Det er likevel fritt for skulane legge det opp annleis. Ein kan til dømes ha seksuelle overgrep det eine året og vald + barn som pårørande det neste. 

De kan godt minne elevane kort om temaet de hadde i fjor, før de starter på det temaet de skal ha om i år. Det er ein fin måte å minne elevane på, at dette er tema vi vaksne ønsker å snakke med elevane om. Framhev at det alltid er lov å fortelle om det ein opplever til andre vaksne.

Redd Barna har gjort eit stort og viktig arbeid med å lage filmar og undervisningsmateriale for skulane om vald og seksuelle overgrep. Frå Jeg er her kan skulane bestille alt dei treng for å gi god undervisning til elevane om desse temaene. Om skulane, eller nokon av klassene, heller ønsker å bruke dette materialet frå Redd Barna, er det sjølvsagt heilt flott!

Det Livet&Sånn har gjort er å lage ein forenkla versjon som skulane kan bruke, og vi deler lenker til andre aktørar sine opplegg slik at skulane kan velge sjølv kva dei vil bruke. Det viktigaste er at elevane får undervisning om dette ofte nok, og at dei vaksne som skal ha timane har fått høve til å kjenne seg trygge nok til å ha timane.

Vi vil at alle skular set av ein time med personalet i forkant av mars for å ha ein gjennomgang av temaet som er valgt. Få gjerne hjelp av helsesjukepleiar, politi, barnevern eller andre i denne opplæringa. Bruk gjerne sidene til dei vaksne til dette. Der ligg det både filmar og lenker som viser kva dei vaksne må vite før dei har timane med elevane.

Vi anbefaler å kombinere med å ha om følelsen skyld denne månaden.

 

NB! Informasjon til foreldre

Vanlegvis ønsker vi at skulane sender link til temasida for dei vaksne til foreldra i starten av kvar månad. Når de skal undervise elevar om vald og seksuelle overgrep er anbefalinga frå fagfolk i politiet/barnevernet/krisesenter at foreldre IKKJE FÅR VITE NÅR denne undervisninga skal vere. Det er likevel viktig at foreldreinformasjonen kjem ut til alle foreldre i løpet av kort tid ETTER at de har hatt undervisninga med elevane.

Vi foreslår at de løyser dette med å ha undervisninga tidleg i perioden, og sender ut lenke til sidene for dei vaksne veka etter dette. Foreldre har sjølvsagt uansett tilgang til denne heimesida heile året, men skulane minner ikkje om dette temaet før etter elevane har hatt undervisninga.