Født med flaks? Takknemleg for å vekse opp i Noreg Til læraren Denne timen handlar om å legge merke til det som er bra med å få vekse opp i Noreg. Sjølv om det er fint å verte medvitne at vi er heldige så betyr ikkje det at vi ikkje har lov til å kjenne at livet ikkje berre er bra heile tida. Det handlar altså ikkje om å skulle «slutte å syte/klage», og samanlikne seg med dei som har det verre. Det handlar om at det å kjenne på kva ein er takknemleg for kan gi oss gode følelsar i kvardagen. Sjå også Takknemleg - for vaksne - Livet og sånn (livetogsann.no) og send lenke til heimane slik at dei også kan ta del i Livet&Sånn. Det du treng til denne timen: Instruksjonar for lærar - Takknemleg 6. trinn (PDF, 227 kB) Noko elevane kan skrive på i oppgåva Kompetansemål Dette temaet kan gi opplæring innan kompetansemål der eleven skal kunne: samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land (samfunnsfag) utforske og beskrive egne og andres perspektiver i etiske dilemmaer knyttet til hverdags- og samfunnsutfordringer (KRLE) Sjå bilde frå filmen og snakk om det de såg Illustrasjonane under er frå filmen Takknemlighet og følelser illustrert av Kari Stai. Illustrasjonane er tidlegare brukt i boka Tankespinn frå Samlaget. Top 20 Best Countries to Live in Ranking 1990 to 2018 frå Animated Stats Eksempel på kva vi kan vere takknemleg for Barns rettigheter frå Redd Barna Oppgåver etter filmen Thankful by The Juicebox Jukebox | 2021 Gratitude Appreciation Kids Songs Music Thanksgiving Sist endra 11.01.2023 13.03