Mange ungdomar opplever å få slitsame tankar som påverkar dei i kvardagen. Grubling, bekymringar, vonde minner, indre kritikk, tankekaos og tankekjør. Slitsame tankar er nettopp slitsamt. Korleis kan vi hjelpe dei å handtere slike tankar?
Der er ingen fasit. For nokre kan det å lære om tankar, og strategiar for å handtere tankar vere nyttig, for andre må det andre grep til. For mange heng tankane tett saman med korleis dei elles har det heime og på skule, og endringane må skje i rammene dei levere i, ikkje i korleis dei tenker. Nokre har med seg opplevingar i livet dei treng hjelp til å bearbeide før ein kan forvente at tankane skal bli hjelpsame.
I denne timen lærer elevane mellom anna at det er mykje vi brukar tid på i tankane våre som vi uansett ikkje kan gjere noko med. Kva er det vits i å tenke på? Og dei øver på ein teknikk der ein ser på tankane som såpebobler som fer forbi. Det kan verke underleg, men det å observere tankar meir enn å aktivt tenke på dei har vist seg nyttig for mange. Dei lærer også litt om ulike slitsame tankar og korleis tankar heng saman med følelsar og handling.
Det er desember og de bør også få bruke tid på førjulskos. Ekstra timar de eventuelt har sett av til Livet&Sånn kan gjerne brukast til dette.
I eit livsmeistringsperspektiv har vi lyst til å minne om at ikkje alle elevar gleder seg til jul. Mange har vonde tankar og følelsar i denne tida. Det kan hjelpe at lærar seier det når de snakkar om jul, til dømes:
«Juletida er veldig fin for mange, og mange har mange gode følelsar og tankar for det som er no og det som kjem. Men ikkje alle gleder seg til jul, og det kan vere mange grunnar til det. Om noko er vondt eller vanskeleg heime, kjennes det av og til enda verre ut i feriar, og i jula spesielt. Om nokon i familien er sjuke, drikk for mykje alkohol eller det er mykje krangling og slik, så kan jula vere vond og vanskeleg. Ikkje alle har like mykje pengar, så mange får mange og dyre gåver, medan andre får mindre. Det er urettferdig, men ikkje noko barna kan noko for. Mange foreldre er også lei seg for at dei ikkje klarer å gi barna sine ei slik jul dei gjerne vil gi dei. Husk at du har lov å fortelje det til oss vaksne, og at vi har lyst til å hjelpe deg, om du har vonde tankar og følelsar inni deg!»
Det du skal ha med denne timen er:
Husk å sjå Tankar - for vaksne og sende lenke til heimane slik at dei også får ta del i Livet&Sånn