Under her ser du filmane og spørsmåla som vart brukt i foreldremøtet. Kanskje er det nyttig om fleire av dei som har omsorg for barnet ditt også ser desse? Og kanskje vil de også prate litt saman om dette heime?
Refleksjonsoppgåver som kan nyttast heime etter møtet
I filmen «Forvirrande følelsar» såg de hjertehjulet, og høyrte om det blå hjertet «under» som handlar om alt det som kan verke forvirrande og komplisert med følelsar. Reflekter:
- Opplever du nokre gongar at følelsesreaksjonane dine ikkje står i forhold til situasjonen som utløyser dei? Veit du sjølv kva dette handlar om? Eller ville det vere hjelpsamt for deg å snakke med nokon om dette?
- Når barnet sine følelsesreaksjonar ikkje står i forhold til situasjonen som utløyste dei; har du tankar om kva som ligg under for barnet og gjer at dette blir vanskeleg? Har du forsøkt å snakke med barnet om dette?
I filmen Råd til foreldre frå ungdom - YouTube kjem ungdom med mange råd. Stemmer desse med dei behova din ungdom har trur du? Er det noko av dette som kjennes vanskeleg for deg å gjere? Ville det vere bra for ungdomen din, både no og på sikt, om du fekk det til? Kva skal til for at dette skal fungere?
Her kan du lære meir om temaet
Husk at du kan ringe Foreldresupport - Mental Helse dersom du treng nokon å snakke med når noko er vanskeleg.