Trygg for andre Til læraren Livet&Sånn sitt materiale for Trygg i august er litt annleis enn resten av året. Skuledelen av august er kort, og det viktigaste i oppstarten er å etablere ei trygg klasse med trygge elevar. Innhaldet du finn under her, kan brukast i ein konkret Livet&Sånn-time, men det kan også brukast litt kvar dag desse første vekene. Målet er å etablere eit felles språk for det å ha det trygt og godt saman på skulen, og at elevane skal vite kva dei kan gjere om dei er utrygge, og kva dei kan gjere for å vere med å lage skulen trygg for seg sjølv og alle andre.Forklaringar og meir innhald ligg her: Instruksjonar for lærar - Trygg 7. trinn NN (PDF, 227 kB) eller Instruksjoner for lærer - Trygg 7. trinn BM (PDF, 250 kB) Kompetansemål I temaet Trygg har vi lagt vekt på å etablere trygge klasserom og trygge elevar i starten av nytt skuleår. I generell del av læreplanen står det «Eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulerte til fagleg og sosial utvikling. Kjenner elevane seg utrygge, kan det hemme læringa. Trygge læringsmiljø blir utvikla og haldne ved lag av tydelege og omsorgsfulle vaksne, i samarbeid med elevane.» Elevane si rett til trygge læringsmiljø er også nemnt spesifikt i opplæringslova § 9 A-2. Retten til eit trygt og godt skulemiljø «Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.» Dette er såleis ikkje primært retta mot konkrete kompetansemål, men handlar om det trygge miljøet som må etablerast for at elevane skal kunne nå kompetansemål i alle fag. Først må ein vere trygg, så kan ein lære. Gjere andre trygge og glade!Å dele GLEDE med andre gjør deg GLAD! frå Kort fortalt Passe på at alle har det bra i lagFreddy Kalas - BlimE (NRK Super 2018) Frosketid?Gjer øvinga: trygg-stad.pdf (livetogsann.no)Fordi vi er ulike kan vi hjelpe kvarandre å bli trygge:Head Up frå Filmbilder & Friends Sist endra 20.06.2025 11.04