Stolt - for vaksne

Stolt - for vaksne

Hjertehjulet for vaksne - Klikk for stort bilete

Hjertehjul med informasjon om følelsen stolt. (PDF, 375 kB)

 

Det å vere stolt kan vere komplisert. Vi vil gjerne at barn skal ha eit godt sjølvbilete, vere fornøgd med seg sjølv slik dei er, og at dei skal prøve å nå mål og kjenne seg stole når dei får det til. Samtidig reagerer vi ofte når nokon er for stolte, har for høgt sjølvbilde slik at det bikkar over mot arroganse. Vi vil jo ikkje at nokon skal heve seg over andre, eller trykke andre ned for å løfte seg sjølv.

Vi bør la barn vere stolte. Og hjelpe dei til å bli det. Over det dei får til, og ikkje minst over kven dei er. Balansen bør ikkje vere om ein er akkurat passe, eller for, stolt. Det bør handle om å lære barn å sjå at andre ikkje treng å vere dårlegare/mindre verd for at ein sjølv skal kunne vere stolt av seg sjølv. Det er plass til alle på same trinnet, vi treng ikkje plassere oss sjølve og andre i ei trapp der nokon er betre og dårlegare enn andre. Sjølv om vi er ulike, og nokon er flinkare enn andre i ulike ting, så er vi alle like viktige som menneske. Difor bør alle vere stolte av den dei er. Og vi bør vere stolte over kvarandre for å nettopp vere ulike. Så korleis kan vi lære barn å kjenne seg stolt over seg sjølv, utan å samanlikne seg med andre? Barn skal få lov å vere stolt av prestasjonar, ting dei har og korleis dei er – det er viktig og sunt. Men vi må hjelpe dei til å forstå at dette ikkje avhenger av at nokon får til/har/er dårlegare enn seg sjølv.

Barn som får skryt av noko synes ofte det er vanskeleg å ta i mot. Om nokon seier "Så fin teikninga di er!" er det mange som svarer "ja, men den er jo ikkje så fin som din da!". Eller når dei kommenterer kvarandre sine bilde på nettet med "Fina!" "Søta" og slikt - så svarer dei ofte med å sei at den andre er finare/søtare. Kanskje kan vi lære dei å seie "Takk! - Di teikning er også fin!" Vi kan lære dei at det er lov å skryte av seg sjølv også. Og trene oss på at skryt ikkje er negativt, men sunt for sjølvbildet. 

Følelsen stolt kan vi kanskje møte slik: «No ser eg at du er stolt! Det forstår eg godt. Det hadde nok eg også vore om eg var du!»

«Så god du er – det kan du vere stolt av! Husk at andre ikkje treng å vere dårlege for at du skal kjenne deg god sjølv. Om du får dei andre til å kjenne seg gode også, så kan du kjenne deg enda meir stolt enn du gjer no!»

Til toppen