Følelsen redd, eller frykt, er ein av dei universelle grunnfølelsane våre. Det betyr at det er ein følelse vi kan sjå tidleg, allereie hos spedbarn. I tillegg har forskarar observert følelsen hos menneske frå alle delar av verda. Vi kjenner oss redde når noko eller nokon truar oss, eller dei vi bryr oss om.
Når vi er redde er det ofte som om all fornuft og alle andre tankar, sluttar å virke. Når vi er redde kan vi føle oss svimle, kvalme, ekstra varme eller kalde, bli tørre i munnen eller bli sveitte i kroppen. Frykt gjer at hjarte og puls går fortare, pupillane utvidar seg, blodet går frå indre organ og ut i musklar i armar og bein og tankane er hyperfokusert på det som er farleg og korleis du kan kome det bort frå det. Du blir med andre ord klar for å overleve. Og det er kanskje det mest interessante med følelsen redd, sjølv om den er den er utruleg ubehageleg er den også veldig nyttig for oss. Menneske som ikkje har evne til å bli redde/føle frykt (pga. t.d. hjerneskade), fungerer vanlegvis ikkje så godt i samfunnet. Som alle andre følelsar, kjem redd i ulike styrkegrader, frå full alarm til at ein i mildare formar blir meir årvaken eller skvetten.
Av og til føler vi oss veldig redde for noko som eigentleg ikkje er livstruande eller direkte farleg, for eksempel edderkoppar, å gå i bursdag eller vere små rom. Når dette skjer kan vi tenke på det som ei slags feilkopling der den veldig nyttige følelsen redd, plutseleg berre skapar trøbbel for oss. Nokon gongar kan desse koplingane rette seg ved å erfare at det ein er redd for likevel går bra. Andre gongar er dette vanskeleg, og ein må få hjelp og god støtte til å øve over tid. Alarmsystemet er ikkje alltid så villeg til å la seg endre, og for nokon kan det kjennast nesten umogleg å slutte å få fryktreaksjonar for enkelte ting, sjølv om dei i utgangspunktet er fullt klar over at dette ikkje er farleg. Støtte og hjelp og tolmod er viktige stikkord.
Korleis kan du som vaksen hjelpe barn som er redde?
Når vi er redde treng vi å føle tryggheit og sikkerheit. Eit barn som er redd, treng ein vaksen som tilbyr ei trygg «hamn», eller som kan halde i handa og vere saman om det som kjennes farleg. Viss du som vaksen beheld roa sjølv om barnet er redd/aktivert, vil det auke sjansen for at barnet også lærer å regulere si eiga frykt gjennom å sjå og føle di ro.
Vi er mange som har sagt, eller vore freista til å seie, ting som: «nei, dette er ikkje noko å vere redd for» eller «kom igjen, ikkje ver så redd!». Sjølv om det er lett å tenke slik, vil ein slik måte å møte redde barn på sjeldan gjere dei mindre redde i situasjonen, eller mindre redde neste gong dei møter det som følast skummelt. Når barn er redde er det lurt at vi set oss ned på barnet sitt nivå, og seier noko slikt som: «No såg eg at du blei redd, og det er jo ikkje så rart, for det der var litt skummelt. Har du lyst å sitje litt her med meg, eller kanskje vi kan prøve det skumle saman?».
Skal vi hjelpe barn til å tørre noko dei er redde for, treng dei at vi gjer det saman med dei, i deira sitt tempo. Ein metafor er at vi verken skal dytte eller dra for mykje, men gå ved sida av slik at det følast akkurat trygt nok.