Einsam - for vaksne

Hjertehjulet for vaksne - Klikk for stort bilete

Hjertehjul med informasjon om følelsen einsam. (PDF, 376 kB)

 

Det er diverre ganske normalt å kjenne seg einsam. Det er ein følelse som kan gjere veldig vondt, og som vaksne får vi lett vondt av barn som ser einsame ut, eller uttrykker at dei er det. Der er nokre feller vi vaksne ofte går i nå vi møter einsemd hos barn. Vi kan til dømes forsøke å overbevise barnet om at det ikkje eigentleg er einsam eller treng å vere det. Vi kan ramse opp alle vi har sett det vere saman med, eller barn rundt dei vi meiner dei kan vere med. Kvifor er dette ei felle? Fordi barnet då kan oppleve at vi ikkje forstår, at følelsen dei har ikkje er gyldig, ikkje stemmer og at det er deira eigen feil at dei kjenner som dei gjer.

Vi kan også gå i fella at vi berre prøver å løyse problemet, eller oppfordre dei til å løyse det sjølve. Til dømes ta barnet med å plassere det inn i samhandling med andre. Eller sei «kan du ikkje gå å vere i lag med den og den da?» «Har du prøvd å sende melding til ho da? Nei? Gå og gjer det da». Det å hjelpe dei å finne løysingar for å få vere saman med andre kan vere til god hjelp. Men barnet kan også kjenne dette vanskelig. Det er godt mogleg å vere saman med andre – og likevel kjenne seg einsam! Det at ein får lov å vere med i leik når vaksne fører deg dit, betyr ikkje at du treng å kjenne deg velkomen eller inkludert i flokken der likevel.

Så kva kan vi vaksne gjere når barn er einsame? Det viktigaste når vi møter einsemd er å bekrefte følelsen. «Bli med inn» i følelsen utan å ta den over, altså «tone oss inn» og sei noko slikt: «Det høres ut som du er einsam. Gjer det vondt?» «Det å sjå at andre er saman, medan ein sjølv er aleine, kan gjere veldig vondt.» «Eg ville nok også kjent det slik om det var meg» Og fortsett gjerne med å undersøke behov og ønsker: «korleis skulle du ønske det var?» «kven skulle du gjerne vore saman med no?» «kva treng du no for å kjenne deg betre?» Anerkjenn barnet sine svar med å seie «ja det høres fint ut» «Ja slik ville nok eg også gjerne ha hatt det om eg var du». Så er det ikkje alltid mogleg å gi barnet det det ønskjer og treng. Kanskje er det andre løysingar de må forsøke å finne i lag.

Nokon barn kan trenge rettleiing i sosial kompetanse for å bli godt inkludert i ein flokk, og få vener. Det er mange måtar å gjere dette på. Men tenk på piggsvinet i filmen før du set i gong. Er det noko flokken kan gjere som gjer det lettare for barnet å passe inn?

Å vere einsam av og til eller i ein kortare periode er vanleg. Dei aller fleste opplever det. Å vere einsam over tid kan vere farlig. Om ein ikkje kjenner tilhørsle til i nokon av flokkane ein er i, kan det utgjere fare. Ein kan bli sjuk av å vere einsam over tid. Det kan vere som om kroppen ikkje orkar og nærast skrur seg av, og at ein ikkje har energi lengre. Eller at ein bli deprimert og får mørke, tunge tankar som er plagsame og vonde uansett om ein gjer kjekke ting. I ytterste konsekvens veit vi at det å kjenne seg utanfor fleire gongar har ført til handlingar med alvorleg utfall for liv og helse. Vårt felles ansvar for å sikre at alle menneske er får vere med, er difor stort.