Reparer relasjon (unnskyld)

Reparer relasjon (unnskyld)

 

 

Kva betyr relasjonsbrot?  Korleis kan vi legge merke relasjonsbrot slik at vi kan reparere dei? - Klikk for stort bilde 

 

I uteleiken før mat i dag måtte du gripe inn i ein situasjon mellom fleire barn som krangla/slåst om ei attraktiv leike. Du hadde ikkje fått med deg starten på det som skjedde mellom dei, men du reagerte tydeleg på det eine barnet som var sintast og minst villeg til å finne ei løysing. Du snakka hardt og strengt til dette barnet, og passa på at dei som såg mest uskuldige ut fekk ha leika vidare. Ved matbordet legger du merke til at barnet du var streng med framleis verkar sint, men også lei seg. Han møter ikkje blikket ditt slik han brukar, og når du forsøker å oppnå kontakt ser han på deg med eit blikk som viser at han er skuffa over deg. Du forstår at du kan ha gjort noko som førte til eit relasjonsbrot. Og du bestemmer deg for å forsøke å reparere dette. - Klikk for stort bilde 

Prøv gjerne på kvarandre slik at de kjenner forskjellen på korleis det kjennast å seie og høyre desse ulike setningane: 1.	Unnskyld for at eg var streng med deg i stad, men du må jo forstå at du ser skyldig ut når du er så sint og ikkje vil samarbeide!  2.	Å, eg er så lei for at det blei så dumt i stad. Eg vil jo ikkje vere ein sånn som kjeftar og er sint! No har eg så vondt inni meg fordi eg var så streng i stad.  3.	Viss du blei lei deg når eg var streng med deg i stad, så er eg lei for det.  4.	Eg er lei for at eg var så streng i stad. Du skjønar, det er veldig vanskeleg for oss vaksne å vite kva som har skjedd og kva som er rett når barna kranglar med kvarandre! Da blir det av og til feil. Eg er veldig lei for at eg la skylda på deg i stad og var så streng. Eg ser at du er skuffa over meg, og at dette blei vondt for deg. Unnskyld. Neste gang skal eg prøve å vere flinkare til å høyre på alle. Sjølv om nokon er meir sinte enn andre, kan det jo vere dei som har rett - Klikk for stort bilde 

Oppgåve reparasjon (PDF, 140 kB)

Til toppen