Bruk snakkebildet

Illustrasjon som viser 12 ulike familiar. Nokon har mange barn,  nokon har berre eitt barn, nokon er skildt, nokon har to pappaer, eller to mammaer, og andre har ein mamma og ein pappa, eller berre ein av delane. Nokre har kjenneteikn som tyder på at dei høyrer til ulike religionar eller kulturar. Ei av mødrene sit i rullestor.  - Klikk for stort bilete

 

Familiebildevegg (PDF, 184 kB)

Denne illustrasjonen kan skrivast ut og brukast på mange ulike måtar. Vi kjem med nokre forslag, og de kjem truleg på enda fleire sjølve. 

  • Om samleteikninga heng i barnehøgde i ein krok i barnehagen der det er mogleg å samtale litt, kan teikninga mellom anna brukast til impulsive små samtalar ved behov.
  • Bruk teikninga som utgangspunkt for samtale i samlingsstund, eller med mindre grupper av barn. Les gjerne historiene frå dei ulike familiane for inspirasjon til kva de kan snakke om, eller la barna styre samtale gjennom det dei vert mest opptatt av.