Denne teikninga kan skrivast ut og brukast på mange ulike måtar. Vi kjem med nokre forslag, men de kjem truleg på mange fleire undervegs.
- Om teikninga heng i barnehøgde i ein krok i barnehagen der det er mogleg å samtale litt, kan teikninga mellom anna brukast til impulsive små samtalar ved behov.
- De kan skrive ut teikninga i svart kvit og bruke den til fargelegging. Medan ein teiknar på den kan de samtale om det de ser.
- Bruk teikninga som utgangspunkt for samtale i samlingsstund, eller med mindre grupper av barn. Bruk då gjerne forslag til spørsmål, eller la barna styre samtale gjennom det dei vert mest opptatt av.
- Bruk teikninga saman med enkeltbarn i spes.ped.-oppfølging for å trene på sosiale ferdigheiter, empati, regulering av følelsar og liknande.
Skriv ut og bruk bildet:
Barnehagevenner med idear på baksida - nynorsk (PDF, 994 kB)
Barnehagevenner med ideer på baksiden - bokmål (PDF, 996 kB)
Barnehagevenner til fargelegging (PDF, 603 kB)
Barnehagevenner som plakat (PDF, 945 kB)