Lær om korleis Livet&Sånn brukar KI

Livet&Sånn blir framleis laga tverrfagleg av oss i utviklarteamet, men no har vi også med oss KI-kollegaer i arbeidet.

KI-generert illustrasjon av dame som sitter og jobber foran to dataskjermer. - Klikk for stort bileteBilde generert av Chatgpt - promptet omtrent slik: Generer illustrasjon som viser dame med langt hår og briller som sit foran to skjermar og jobbar. Bruk akvarell-stil som i tidlegare bilde.

 

Fra hausten 2025 har Livet&Sånn starta å samarbeide med KI (kunstig intelligens) i følgande oppgåver:

Oversette tekster mellom nynorsk og bokmål

Denne oppgåva klarer Copilot veldig godt, så sant den får instruksjon om å oversette utan andre endringar. Vi les likevel alltid gjennom teksta før publisering på nettsida. Feil kan sjølvsagt likevel forekome, men det gjorde det også før KI hjalp oss med dette. Fordi vi kan bruke KI til dette tek det mykje kortare tid, og dermed kan vi legge ut mykje meir på begge målføre, noko vi veit blir sett pris på av brukarane våre.

Kome med idear til aktivitetar for elevane

Dette skoleåret går vi igjennom alle undervisningstimar månad for månad og oppdaterer desse. Vi forsøker no å legge inn fleire aktivitetar i timane for meir variasjon og fleire måtar å lære på. Både Copilot og Chatgpt er gode på å kome med masse idear, men ideane kan omtrent aldri brukast akkurat slik dei blir foreslått. Og slik er det jo med KI, den er ingen ekspert, men den kan jobbe som ein effektiv assistent som kan foreslå masse vi kan bruke som utgangspunkt for å lage vårt eige materiell. Vi trur aktivitetane vi lagar får god kvalitet fordi vi som “prompter” KI har relevant fagkompetanse til kva som skal utviklast, og brukar KI sine forslag som utgangspunkt, men ikkje som sluttprodukt. Aktivitetane er framleis laga av oss, men KI har hjelpt oss slik at vi kan produsere meir materiell på kortare tid, og dermed får meir ut av ressursane vi har fått til dette arbeidet.

Generere bilder

Illustrasjonar gir visuell støtte og kan styrke læring. Vi brukar Chatgpt til å generere bilder for oss. Til alt som skal skrivast ut ber vi om enkle bilder med svart strek på kvit bakgrunn. Det som berre skal sjåast på nettsida kan vere i fargar, men vi ber alltid om illustrasjonar og ikkje om noko som ser ut som “ekte bilder”.  Vi vil det skal vise at det er illustrert av KI når det er det.

Filmproduksjon

Vi ønskjer framleis å bruke teikningar frå ekte mennesker i filmane vi lagar, men vi har også forsøkt å lage nokre filmar med illustrasjonar frå KI. Vi kjem truleg til å gjere begge delar framover.

Det er også mange som etterspør filmane våre på fleire språk, og etterkvart kjem vi nok til å bruke KI også til å til å gjere dette. 

 

Etiske vurderingar

Livet&Sånn blir laga av fagfolk som er vand med å gjere etiske vurderingar i stor grad, og det gjer vi også når det kjem til bruk av KI. Det er liten tvil om at KI er eit svært effektivt verktøy og kan fungere som ein ekstra kollega i teamet. Vi er likevel klar over dei mange utfordringane KI bringer med seg med tanke på å ta over oppgåver frå menneske som treng jobb, og med å ha trent seg opp på illustrasjonar og tekst som menneske har laga og ikkje blir kreditert for. KI har også eit stort miljøavtrykk vi er veldig bevisste på.

Vi har likevel valt å ta verktøyet i bruk. Det er svært mange som brukar materiell frå Livet&Sånn, og dermed blir Livet&Sånn sitt miljøavtrykk gjennom KI-bruk fordelt på veldig mange brukarar. Vi håper også å kunne bruke både KI og ekte menneske sine unike kvaliteter til ulike oppgåver vidare. KI kan avlaste og gi oss moglegheit til å produsere meir på kortare tid med færre ressursar, men Livet&Sånn skal framleis vere kjenneteikna av ekte fagfolk med sterkt engasjement og genuin omsorg for barn, unge og deira nære vaksne.

 

Til informasjon: Denne teksta er skrive heilt utan hjelp frå KI i likheit med så godt som all anna tekst på denne nettsida.