Inspirerande konferanse for fellesskapet

Les om og sjå opptak frå konferansen den 21.10.2025 på Parken Kulturhus i Ålesund

Mann på scena foran teksta Fellesskap som problem og løysing - Klikk for stort bileteJohannes Finne frå Læringsmiljøsenteret i Stavanger starta dagen med temainnlegget Fellesskap som problem og løysing. Ung arena Ulstein

Stemninga var god og praten gjekk ivrig i kulturhuset tysdag 21. oktober då Livet&Sånn arrangerte konferansen “Fellesskapet som problem og løysing i skolen” saman med Møre og Romsdal fylkeskommune og Mobbeombodet. 

Konferansen starta med Johannes Finne frå Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger som delte faglege refleksjonar fint iblanda eigne erfaringar som far og fagperson. Han avslutta innlegget sitt med eit spørsmålet “Kva grenser er du villig til å setje for ditt eige barn fordi det er til det beste for fellesskapet?”, og dette sette i gang mange refleksjonar i etterkant.

 

Dame på scena med skjerm bak. - Klikk for stort bileteSystematisk bruk av Livet&Sånn inneber å bruke materiell for foreldre og personell i tillegg til timane med elevane. Rigmor Hustad Holen

Prosjektleiar i Livet&Sånn Anne-Hilde Lystad snakka om korleis ein kan bruke Livet&Sånn for å styrke fellesskapa på skolane, og peika på at det er stor forskjell på å bruke Livet&Sånn som eit læreplanverk eller å bruke det systematisk som eit tiltak for folkehelse og livsmeistring. Begge deler går heilt fint, men det kan vere lurt at skoler og kommunar tek eit aktivt val om korleis dei vil bruke det. Sjå opptak av innlegget i desse tre filmane:

 

To damer på ei scene foran ein skjerm - Klikk for stort bilete Ung arena Ulstein

 

Kjersti Nervold frå Bekkestua barneskole i Bærum og Kristin Øksenvåg som er mobbeombod i Møre og Romsdal har skrive masteroppgåve om fellesskapande undervisning og holdt innlegg om læraren som fellesskapar. Dei viste blant anna korleis ein kan kombinere arbeid med dei faglege måla med å jobbe med sosiale og relasjonelle mål. Sjå opptak frå innlegget her:

 

 

 

I tillegg inneheldt konferansen ein panelsamtale og workshop om det å legge til rette for at foreldre får vere ressursar for fellesskapet. Sjå opptak av panelsamtalen her:

 

Sjå bildekarusell under for meir om konferansen: