Deltok på mobbekonferanseVi fikk presentere vårt samtaleverktøy etter mobbing på verdens største konferanse mot mobbing.Verktøyet vart lansert på World Anti-Bullying Forum (WABF) 2025 i ein workshop med tittelen «Help after bullying», som vart leia av mobbeombod Kristin Øksenvåg, prosjektleiar Anne-Hilde Lystad og psykologspesialist Kristin Valderhaug Martinsen frå Livet&Sånn.Samtaleverktøyet er utvikla for å hjelpe barn og unge som slit etter å ha opplevd mobbing. Verktøyet er ein del av Livet&Sånn si tiltakspakke mot mobbing, som omfattar førebyggande undervisningsmateriell, opplæring av tilsette og ulike verktøy for oppfølging.– Det er ikkje alltid nok å stoppe mobbinga. Mange barn sit igjen med sår som treng hjelp til å gro. Dette verktøyet gir vaksne eit konkret og tilgjengeleg hjelpemiddel for å møte barn og unge med forståing og støtte, seier Kristin Øksenvåg, mobbeombod i Møre og Romsdal fylkeskommune.Verktøyet kombinerer element frå traumefokusert kognitiv terapi og emosjonsfokusert terapi med ulike meistringsverktøy og er utvikla for helsesjukepleiarar og andre fagpersonar som møter barn og unge i kvardagen. Det er strukturert i seks modular som kan tilpassast den enkelte.– Det vert framheva at det er så viktig å hjelpe dei som strevar etter mobbing, men det har ikkje vore lett å få hjelp eller å vite kva hjelp ein skal gi. Dette verktøyet er eit utgangspunkt som gjer det enklare for fagfolk å hjelpe tidleg, seier Anne-Hilde Lystad, prosjektleiar i Livet&Sånn og medutviklar av verktøyet.Både nasjonale og internasjonale deltakarar møtte til workshop og viste stor interesse for korleis verktøyet kan brukast i ulike kontekstar. Vil du vite meir? Samtaleverktøy etter mobbing Publisert 20.06.2025 11.34 Sist endra 20.06.2025 12.39