Innhaldet under her kan brukast når ein er bekymra for mobbing eller skadeleg gruppedynamikk blant dei yngste elevane. Det kan brukast som ein eller fleire timar, og det er fint å kombinere det med det som ligg i «Materiell frå andre de kan bruke». Vurder behovet i di gruppe, og sett saman det som passar for deg og dine elevar.
Her finn du forklaringar til innhaldet: 1. Instruksjonar for lærar - Mobbing 1.-3. trinn (PDF, 294 kB)
NB! Det er vaksne sitt ansvar at elevar skal ha det trygt og godt på skolen, og sleppe å oppleve mobbing og skadeleg gruppedynamikk. Det er ikkje meininga at elevar gjennom slike timar skal føle at dei får ansvaret for å stoppe eller forhindre mobbing. Det er fint om du minner elevane om dette i løpet av timen! Det er viktig at vaksne blir klar over det dersom nokon ikkje har det trygt og godt, og vi vaksne har plikt til å hjelpe slik at eleven får det trygt og godt igjen. Elevane kan gjere mykje, men det er vaksne som har ansvaret.