Aktivitet - for vaksne

 

I juni er temaet aktivitet. Først og fremst fordi dette er ein månad der skolane tradisjonelt er mykje ute og gjer aktivitetar saman – og det vil Livet&Sånn vere med å forsterke.

Samtidig er aktivitet et viktig tema fordi forskning viser at barn ikkje lenger er så aktive som vi trur dei treng å vere. Det er anbefalt at barn er fysisk aktive 60 minutt kvar dag, og helst også har høg puls ein del av denne tida. Det er det mange som ikkje er.

Det er vi vaksne som må ta ansvaret saman for å hjelpe barn å etablere ein aktiv livsstil. Barn treng aktivitet både i skoletida og på fritida. Fysisk aktivitet, nok søvn, sunt kosthald og nære gode relasjonar er dei viktigaste ingrediensane for god helse, læring og utvikling.