Nettet - for vaksne

 

Aktivitetar på nett er viktige for svært mange barn. Ikkje minst gjeld dette dei som er ivrige på å spele. Ein av grunnane til at nett-aktivitetar tek mykje plass i barn sine liv er at det gir dei glede, meistring og spenning. Gode følelsar det ikkje alltid er så mykje av elles i kvardagen.

For andre er det viktig å vere mykje på nett fordi det kjennes ut som ein må. For barn og unge kjennes det ofte tryggast å gjere det andre gjer og vere der andre er. Om det er på nett, så må ein sjølv vere der også. Helst mest mogleg. Ein kan god sei at barn er på nett både fordi det gir dei gode følelsar, men også fordi dei ikkje tør å la vere.
For oss som er vaksne kan det difor vere vanskelig å regulere barn sin nettbruk. Det kan også vere vanskelig å greie å passe på at dei er trygge der, og at dei er snille nok med kvarandre.

I temaet om nettet skal elevane lære litt ulike ting kvart år.
Dei minste (1.-2. trinn) er ofte litt meir skjerma frå mykje av det som skjer på nett, men dei treng likevel å få informasjon om kvifor ein må passe på kva ein gjer på nett, og at ein må snakke med vaksne når noko er skummelt.

Dei som er litt eldre (3.-4. trinn) må lære meir om farar på nett, og kva dei kan gjere for å ta vare på seg sjølv der. Her fokuserer vi også meir på kva vi deler om oss sjølv på nett, og vi gjer dei klar over kva foreldre og andre har lov til å dele om dei på nett.

Femte trinn bruker det digitale verktøyet til Brukhue for å bli medvitne på korleis utestenging av andre kan foregå på nett.

Dei eldste (6.-7. trinn) lærer om både nettovergrep, deling av bilde med seksualisert innhald, det å ta vare på seg sjølv, og det å ta vare på andre.

Kombiner gjerne med følelsen glad, iver, eller avsky denne månaden.