Livet&Sånn mot mobbing

Arbeid for å forhindre mobbing bør skje systematisk på tre ulike nivå. Alle heile tida, Grupper ved bekymring og Individ ved behov

Illustrasjon som viser grønn sirkel med tekst Alle heile tida, oransje sirkel med tekst Grupper ved bekymring, og raud sirkel med teksta Individ ved behov. - Klikk for stort bilete

 

Det meste av nyare forsking på mobbing tyder på at det først og fremst er vi vaksne som sit med løysingane:

  • Vi må lage dei trygge, gode læringsmiljøa som fremmer VI-følelsen mellom elevane.
  • Vi må undervise på måtar som skapar fellesskap og meining.
  • Vi må oppdage og gripe inn med omsorgsfull kontroll.

For å lykkast med desse tre punkta har Utdanningsdirektoratet laga mykje svært godt materiell til skolane. Å jobbe godt med dette er den viktigaste anbefalinga for å førebygge mobbing, og vi legg til grunn at dette vert gjort i skolar som brukar Livet&Sånn.

Men sjølv om skolane forsøker å jobbe slik, vil mobbing kunne skje likevel. Både fordi skolane ikkje alltid klarer å lykkast like godt med dette i alle klasser, fordi ressursane ikkje alltid gir høve til å vere tett nok på elevane, og fordi vi menneske kan gjere handlingar som går ut over andre om det kjennest naudsynt for å ta vare på oss sjølve eller eigen flokk.

For å supplere alt det gode materiellet mot mobbing som allereie eksisterer, handlar Livet&Sånn sin tiltakspakke mot mobbing mest om dette siste punktet; om behova som ligg til grunn for handlingane våre og om følelsane våre som fortel om behova. Mange av verktøya våre handlar om å utvikle forståing for mekanismar mellom menneske og om det å dekke behov på gode eller dårlege måtar. Bak dette valet ligg ein grunntanke om at menneske lettare kan endre det vi forstår. Dette er intensjonen med desse tiltaka:

  • Å fokusere på behova bak mobbing meir enn på mobbinga i seg sjølv. Ved å forstå og identifisere behov så tidleg som mogleg, er det også mogleg å finne ut korleis behova kan dekkast på måtar som ikkje går ut over andre.
  • Å forstå følelsane sine roller i mobbing. Følelsane gir oss informasjon og påverkar handlingane våre. Og følelsar som kan settast ord på, og som vert møtt med validering, kan bli regulert på måtar som ikkje går ut over andre.
  • At elevane får snakke om, og bli einige om, strategiar å bruke når nokon blir mobba. Dei som er der mobbing skjer har enorm kraft til å forhindre mobbing dersom dei står saman og gjer det dei har blitt einige om.
  • Å gi god nok individuell oppfølging av både dei som mobbar og dei som har blitt mobba. Denne oppfølginga bør også ha fokus på å forstå følelsar og behov, og hjelpe med strategiar for å kjenne trygg tilhøyrsle etterpå.
  • Å jobbe kontinuerleg over tid: aktivt jobbe med temaet med elevane, dei tilsette på skolen og dei vaksne heime.

 

Dei 3 nivåa av førebygging mot mobbing:

 

Fokus på behov:

Illustrasjon av seglbåtmetaforen til Kaufman. Overskrift: Behov som må vere dekt for at menneske skal fungere godt og ha det bra. Tekst på seglet: Meining, kjærleik, utforsking. Dette er behov som gir vekst. Tekst i båten: Sjølvfølelse, tilhøyrsle, tryggheit. Dette er behov som gir sikkerheit. - Klikk for stort bilete

 

Kunnskapsgrunnlaget bak denne tiltakspakken: