4. trinn Trygg på nett Til deg som arrangerer møtet Temamøta frå Livet&Sånn kan kombinerast med møte ein elles skal ha med heimane i løpet av året. Vi anbefaler at møtet ikkje varer meir enn 60-90 minutt til saman. Om de kombinerer med informasjonsmøte så er det lurt å bruke dei siste 30-45 minutta til temadelen frå Livet&Sånn. Alternativt kan de invitere alle heimane på trinnet til felles tema-kveld.Skriv ut og ta med Instruksjonsark for møteleiar (PDF, 175 kB) for å vite korleis du skal bruke innhaldet i møtet!Kjem det foreldre som enno ikkje kan norsk? Her finn du engelske oversettingar av innhaldet i filmar som du kan oversette til ønska språk gjennom google translate eller liknande.Rolla di i møtet:Vi har lagt opp til at lærar/møteleiar skal lede, men ikkje vere forelesar eller ekspert. De ser filmane saman, og foreldra får snakke med kvarandre i mindre grupper. Vi har i liten grad lagt opp til at de oppsummerer saman etter gruppene har snakka. Erfaringa vår tilseier at prosessane i mindre grupper oftast er god, men at plenumsdrøft kan bli komplisert når den som har laga opplegget ikkje er sjølv er der. Om det likevel skulle dukke opp spørsmål du ikkje kan svare på så vis til den grå boksa «Til heimane etter møtet» og sei at det også er mogleg å sende e-post direkte til Livet&Sånn. Spørsmål som handlar om konkrete barn kan til dømes drøftast med helsesjukepleiar på skolen.Gode rammer for møtetTa gjerne i mot foreldra i døra og ønsk velkomen.Sørg for at lyd og bilde er klart, og når ut til alle som skal sjåOm de skal kombinere møtet med val av FAU-representant, så prøv å finne kandidatar på førehand. Det er lettare for folk å stille til val etter personleg oppfordring, og de unngår ugrei stemning om ingen vil melde seg. Til heimane Under her ser du filmane og spørsmåla som vart brukt i foreldremøtet. Kanskje er det nyttig om fleire av dei som har omsorg for barnet ditt også ser desse? Og kanskje vil de også prate litt saman om dette heime?Refleksjonsoppgåver som kan nyttast heime etter møtetFilmen Grensesetting som fremmer god utvikling viser ulike sider ved grensesetting og minner om at dette er mykje meir enn å korrigere barnet når barnet gjer noko gale. Når vi har fokus på kva som er bra for barnet når vi set grenser, og gjer det på ein trygg og god måte, så fremmer grensesetting god utvikling for barnet.Reflekter aleine eller saman heime:Er det alltid rett å stå fast på ei grense de har satt? Eller kan det nokre gongar vise seg å vere bra å ombestemme seg? Er det reglar eller grenser de har satt som kan vere lure å revurdere?Er det nokon gongar de ikkje set grenser som de eigentleg ville sett fordi de er redd for dårleg stemning eller av andre grunnar? Kva skal til for at de skal greie å sette dei grensene som kjennes rett å sette?Kva gjer dei i filmen for å sette grenser på ein god måte, og er dette noko de vil prøve heime? Om å vere trygg på nett:Kva tankar har vi som foreldre om korleis vi kan forsøke å gjere det så trygt som mogleg for barnet vårt å vere på nett framover?Noko av det viktigaste foreldre kan gjere for at barn skal vere trygge på nett er å vere vaksne som barna kan snakke med om alt som er vanskeleg. Dersom foreldre straffer eller er mest opptatt av konsekvensar når noko skjer risikerer ein at barnet ikkje fortel om skumle eller vonde ting det opplever på nett no og seinare. Korleis kan de hjelpe kvarandre å greie å bygge denne tilliten hos barnet, slik at de får høve til å hjelpe dei å vere trygge?Er vi gode rollemodellar for sunn nettbruk? Her kan du lære meir om temaetSkolebarn (bufdir.no) har mange tema som er relevante. Også fleire filmar du kan sjå.Om nettvett:Trygg nettbruk - Politiet.noBilder av barn | DatatilsynetBarnevakten5 foreldretips om nettbruk når barna er hjemme - Redd BarnaBarn og sosiale medier (bufdir.no)Foresatte - Nettvett.noOm grensesetting:Hvorfor fungerer det ikke å straffe barn? Hedvig Montgomery | Foreldrehverdag - YouTubeGrensesetting | Barn og sinne - YouTubeHvordan setter vi sunne og fleksible grenser for barn? (psykologisk.no) Husk at du kan ringe Foreldresupport - Mental Helse dersom du treng nokon å snakke med når noko er vanskeleg. Snakk med barnet om spillet - Blå Kors Norge Sist endra 17.12.2024 14.32