Trygg vaksen = autoritativ vaksen

Autoritativ vaksen, illustrasjonar frå Shutterstock - Klikk for stort bilete

 

 

 

Kva betyr det å vere ein trygg vaksen for elevane? I utgangspunktet handlar det om å ha ein autoritativ veremåte/vaksenstil. Den autoritative læraren har kontroll i situasjonen og er samtidig varm i møte med elevane. Ein set grenser og følgjer opp reglar, men på ein måte som tek vare på eleven sin sjølvfølelse. Då vert elevane tryggare på læraren sin, dei vert tryggare på seg sjølve og på kvarandre. Den autoritative vaksenstilen har store fordelar for trivsel, læring og utvikling.

Hadde det berre vore enkelt å alltid få det til. Det er det jo ikkje.

Det er mange årsaker til at vaksne som er tett på barn og unge kan ty til både autoritære, forsømmande og ettergivande strategiar når situasjonar vert vanskelege å handtere. Sjølv om dei fleste veit at dei autoritative strategiane er dei som verkar best og har færrast biverknadar. Spesielt kan det vere fort gjort å ty til uhensiktsmessige strategiar når ein er utanfor toleransevinduet sitt. Når det skjer er det viktig å oppdage det. Legge merke til at det ikkje vart bra for barnet/ungdomen, og både reparerer relasjonen og forsøke å gjere noko med situasjonen slik at ein kan løyse det med autoritative strategiar neste gong.

Filmane vi har laga, og tilhøyrande personalkurs, er meint som eit bidrag for å styrke autoritative strategiar for alle som er saman med barn og unge i kvardagen sin.

 

Vi har laga ein plakat om å vere autoritativ vaksen. Første versjon var autoritativ lærar, men etter ønske frå skolane har vi endra til autoritativ vaksen for å dekke fleire i skolen enn lærarane. Skriv ut den de likar best og heng den ein plass de ser den av og til?

 

1.	Eg viser med kropp og blikk at eg vil at elevane skal vere trygge og ha det bra. 2.	Eg får elevane med i læringsaktivitet ved tilpassing, støtte og variasjon. 3.	Eg gir beskjedar som elevane får med seg og forstår. 4.	Eg forsøker å sjå eleven innanfrå og meg sjølv utanfrå. 5.	Eg legg merke til elevar sine sterke følelsar og bekreftar desse før vi går vidare. 6.	Eg reparerer relasjonen når noko vart dumt mellom meg og eleven. 7.	Eg prøver å vere god for elevane og god med meg sjølv. - Klikk for stort bilete

 

Eg er ein autoritativ vaksen – ungdomstrinnet (PDF, 229 kB)

Jeg er en autoritativ voksen – ungdomstrinnet – bokmål (PDF, 230 kB)

Eg er ein autoritativ lærar – ungdomstrinnet (PDF, 228 kB)

Jeg er en autoritativ lærer – ungdomstrinnet – bokmål (PDF, 228 kB)

 

 

 

 

 

 

 

Plakat til læraren - Klikk for stort bilete

Eg er ein autoritativ vaksen (PDF, 242 kB) 

 

Jeg er en autoritativ voksen - bokmål (DOCX, 476 kB)

Eg er ein autoritativ lærar (PDF, 245 kB)

Jeg er en autoritativ lærer - bokmål (PDF, 241 kB)

 

 

 

 

 

 

 

 

Vil du lære meir om autoritativ vaksenstil og det å vere ein trygg vaksen, foreslår vi å følgje desse lenkene: