Trygg i klassa

Trygg i klassa

Eg kjenner meg trygg i klassa når, sjå pdf - Klikk for stort bilete

Nokre elevar er meir utrygge enn andre, og nokre klasser er meir utrygge enn andre. Det kan vere mange ulike årsaker til dette, og oftast noko ein kan gjere for at det skal bli betre.

 

Elevar må kjenne seg trygge i klassa for å utvikle seg og lære best mogleg!

Dette arket (PDF, 244 kB) kan brukast til refleksjon for lærarar for å vurdere kva ein sjølv gjer for at elevar skal kjenne seg trygge i klassa. Snakk gjerne saman i mindre grupper! 

De kan også bruke arket som utgangspunkt for samtale med elevar og foreldre når nokon er utrygge. Til dømes kan det vere fint å bruke dette om eleven viser teikn som høgt fråvær, mykje plager med smerter utan tydeleg årsak, eller om eleven har angst.

Kryss av eller bruk grønn/oransje/raud for å markere kva eleven opplever stemmer og ikkje. Slik kan ein sjå kva vaksne kan forsøke å gjere annleis for at eleven skal kunne få det betre i klassa.

Sjå også Trygg på skolen for tilsvarande ark om skolemiljøet.

 

Tryggare med god bruk av dagsplan

 

Samfunnsfag - Klikk for stort bilete
Livet&Sånn - Klikk for stort bilete
Friminutt - Klikk for stort bilete

Mange elevar har stor nytte av visuelle dagsplanar i klasserommet. Ved å sjå kva fag som kjem denne dagen, kva som kjem etterpå, sjå at timane forsvinn ein etter ein – kan eleven ha meir oversikt, og mindre å forsøke å halde styr på sjølv. Det kan gi betre konsentrasjon og energi til det ein skal.
Det finnast mange måtar å lage dagsplanar på, og mange måtar å bruke dei på. Vi anbefalar desse ferdige malane for dagsplan (PDF, 4 MB) som vi har laga, fordi dei er dysleksivennlege, har symbol, men er samtidig ryddige og enkle. Dette er tilgjengeleg for alle, og kan difor brukast på alle klasserom.

 

Skriv ut, klipp og laminer. Fest ei remse med borrelås ved sidan av tavla, lett synleg med litt plass rund. Fest motsett del av borrelåsen på faga, og legg desse i ei mappe eller lita korg i nærleiken.
På starten av dagen set de opp dagen saman og snakkar kort om kva som skal skje i dag. Dersom det skal vere vikarar, eller andre endringar, informerer du kort om det. Er det noko som skal inn som ikkje er eit standardfag, skriv du på dei kvite/tomme og set opp dei også.
Om du vil kan du gjere dette på smartboard også, men for enkelte elevar er det viktig at denne er synleg heile tida, og smartboarden vert brukt til mykje ulikt, så dette blir i tillegg til og ikkje i staden for. Bruk helst dei bildefilene som ligg her på sida, slik at dei er like dei som står på veggen.
Så er ein viktig del av poenget her at du tek bort timar og friminutt som de er ferdige med. Ikkje la heile dagen bli ståande til neste dag. Dagsplanen skal bli mindre og mindre etter kvar ting de er ferdig med. Elevane brukar å vere gode på å minne lærarane på dette, og det er det fint om du set pris på at dei gjer det.

Noko som manglar? Bruk dei tomme boksene i dette dokumentet (DOTX, 20 kB) til å lage dei de har bruk for sjølve.

Til toppen