Om personalkursa frå Livet&Sånn

Når målet er å styrke og fremme barn og unge si psykiske helse er det minst like viktig for skolar å jobbe med korleis vi vaksne møter barn og unge i kvardagen, som å lære elevane om folkehelse og livsmeistring. 

Barn og unge verken kan eller skal meistre livet aleine. Dei skal lære å meistre liva sine saman med sine nære vaksne, både heime og på skolen. Difor bør skolane bruke 20 minutt kvar månad til eit mini-personalkurs for å få fullt utbytte av Livet&Sånn som ressurs for god psykisk helse.

Sjå to minutt film om personalkursa:

Frå 11:10 - 13:20 i filmen under, fortel Anne-Hilde om dei 11 filmane Livet&Sånn har laga for å gi vaksne på skolen og heime eit felles språk og ein felles forståing for korleis ein kan møte barn og unge på måtar som styrkar deira psykiske helse:

Som forklart i filmen har Livet&Sånn tatt høgde for at tilsette i skolane har svært lite felles tid i personalgruppa til å jobbe med kompetanseheving i løpet av arbeidsåret. Difor er personalkursa frå Livet&Sånn svært korte. Dei fleste kan fint gjennomførast på 20 minutt. Dei kan brukast individuelt, i team eller i full personalgruppe. 

I denne kronikken kan du lese meir om kvifor det er viktig å bruke desse:

20 minutt for barn og unge si psykiske helse (utdanningsnytt.no)