Kunnskapsløftet i Livet&Sånn

Korleis passar Livet&Sånn inn i det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring i Kunnskapsløftet 2020?

Kunnskapsløftet 2020 Pedlex/Lisa Aisato

 

I alle timar frå Livet&Sånn ligg ei grå boks øvst på sida med informasjon om kva kompetansemål ein jobbar med i denne timen.

Under her kan du lese kva som står om folkehelse og livsmeistring i Kunnskapsløftet i overordna del og i dei ulike faga.

Du kan også lese kva av dette Livet&Sånn har materiale for.

 

Under her finn du korleis folkehelse og livsmeistring er definert inn i dei ulike faga. Faga sin generelle del viser kva elevane skal lære om temaet i faget til og med 10. trinn. Kompetansemål er delt inn i mål etter 2., 4. og 7. trinn. Dei kompetansemåla som ligg her er dei Utdanningsdirektoratet seier støtter folkehelse og livsmeistring i dei ulike faga. Som de ser er nokon få av måla svært konkrete og tydelege opp mot temaet, medan mange av kompetansemåla er meir generelle for all læring i det aktuelle faget. Alt i desse grå boksene under er henta frå Utdanningsdirektoratet si side om læreplanverket

 

For å sjå kva kompetansemål som er dekt i dei ulike timane ser du den grå boksa øvst i kvar time.

 

Fokuset vårt på følelsar gjennom året

Ordet følelsar er først og fremst nemnt i overordna del av læreplanen, der det å handtere følelsar er nemnt som noko som hører heime i folkehelse og livsmeistring.

Norskfaget og engelskfaget nemner det å kunne gi uttrykk for eigne følelsar. I engelsk skal elevane kunne delta i samtalar om eigne og andre sine følelsar. I KRLE skal elevane kunne sette seg inn i og formidle eigne og andre sine følelsar. I naturfag skal elevane kunne samtale om korleis puberteten påverkar følelsar.

I tillegg er psykisk helse nemnt spesifikt i nokre fag, og psykisk helse handlar jo om tankar og følelsar. I naturfag skal elevane få kompetanse til å ivareta sin eigen psykiske helse. Dei skal mellom anna kunne samtale om kva psykisk helse er og etterkvart greie ut om kva psykiske endringar som skjer i puberteten. KRLE skal bidra til å utvikle elevane si evne til å reflektere over problemstillingar psykisk helse.

Temaet folkehelse og livsmeistring har fått mykje kritikk for å innehalde for lite konkret om følelsar. Sjå blant anna Den hvite elefanten i klasserommet og Psykisk helse i skolen – bare symbolpolitikk?

Livet&Sånn ønsker å bidra med ny kunnskap i skulen, om psykisk helse og med vekt på følelsar. Vi meiner det ikkje er godt nok å sei at ein ved å bli god på å uttrykke seg skriftleg og munnleg i norsk, også blir god på å uttrykke følelsane sine. Heller ikkje på engelsk fungerer det slik. Sett på spissen kan ein vel vere professor i norsk utan at ein treng å vere god på å handtere følelsar og kunne sette ord på desse? Det å vere trygg på å uttrykke seg generelt i språket sitt er viktig, men ein må kunne nok om det ein skal uttrykke også – i dette tilfellet kunne nok om følelsane sine.

Det er fint at folkehelse og livsmeistring er tverrfagleg. Timane om følelsar treng kunnskap frå alle fag sett saman til kunnskap som elevane kan få nytte av:

  • Frå naturfag lærer dei korleis følelsen oppstår. Om følelses-systemet vårt, og korleis dette verkar i hjernen og kroppen. Kanskje også kva ein kan gjere for å endre dei, kva ein treng når ein har ulike følelsar.
  • Frå KRLE korleis ein kan oppdage følelsar og møte dei hos andre. Korleis vi påverkar kvarandre sine følelsar på godt og vondt.
  • Frå samfunnsfag korleis følelsane våre heng saman med det vi har rundt oss, dei relasjonane vi har og livsvilkåra våre.
  • Frå norsk og engelsk får elevane trene på å sette ord på følelsar og uttrykke følelsar verbalt og skriftleg.
  • Frå musikk og kunst og handverk får dei øve på å uttrykke følelsar, eller oppleve følelsar, med andre verkemiddel enn ord.
  • Frå kroppsøving får dei kunnskapen om at ein kan påverke følelsane sine gjennom aktivitet og korleis ein brukar kroppen.
  • Frå mat og helse får dei lære korleis kosthaldet kan påverke følelsar, og etter kvart helst også korleis ein ikkje bør bruke mat for å påverke følelsar.

Til saman representerer alt dette nyttig kunnskap som elevane vil få nytte av når dei skal leve liva sine. Og difor har vi laga timar om følelsar for kvar månad gjennom året. Desse timane har brei støtte frå Kunnskapsløftet, om enn ikkje så konkret som vi gjerne skulle ønske.

 

Og kva med Frosketid i læreplanen?

Frosketid handlar om å gi elevane erfaringar med å bruke kroppen, pusten, musikk og instruksjonar for å endre tilstand. For å bli rolegare, for å redusere stress, for å få energi eller for å få betre konsentrasjon. Kva støtte har vi for dette i Kunnskapsløftet 2020?

I naturfag skal elevane få «utforske sansene gjennom lek ute og inne og samtale om hvordan sansene brukes til å samle informasjon». Dette gjer dei også gjennom Frosketidøvingane. Elevane skal også «beskrive hvordan muskler og skjelett fungerer, og knytte dette til bevegelse». Gjennom Frosketid får elevane rolege bevegelsar som gjer dei kjent med kropp, musklar og skjelett.

«Musikk er en ressurs for å gjenkjenne, sette ord på og håndtere tanker og følelser, i medgang og motgang» I Frosketidøvingane brukar vi mykje musikk laga for å puste rolegare. Elevane får erfaring med korleis musikk påverkar tilstand og følelsar i øvingane.

Mest støtte for Frosketid finn vi i læreplanen for kroppsøving: «I kroppsøving handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å fremje god psykisk og fysisk helse og gi elevane verktøy til å ta ansvarlege livsval. Faget skal fremje eit positivt sjølvbilete som kan gi elevane ein trygg identitet. Faget skal medverke til at elevane får kunnskap om ulike perspektiv på bevegelsesaktivitetar og helse. Elevane skal òg lære å forvalte helse som ressurs på ein måte som gagnar den enkelte, og lære å ta val som er gode for eiga og andre si helse gjennom livet.» Frosketidøvingane er bevegelse i ei anna form enn ein gjer mest av i kroppsøving, men er likevel øvingar som kan representere verktøy for ansvarlege livsval. Det vil absolutt fremje eit positivt sjølvbilete som kan gi elevane ein trygg identitet då dei i stor grad handlar om å observere seg sjølv på ein positiv måte, og sei til seg sjølv at ein er god nok som ein er. Av relevante kompetansemål i faget vil Frosketid støtte desse:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • utforske eigen kroppsleg bevegelse i leik og andre aktivitetar, åleine og saman med andre
  • utforske og gjennomføre leikar, idrettsaktivitetar, dansar og andre bevegelsesaktivitetar
  • bruke kroppen til å utforske aktivitetar og utvikle grunnleggjande bevegelsar
  • forstå kroppsleg ulikskap mellom seg sjølv og andre, og inkludere andre i ulike bevegelsesaktivitetar
  • utforske og gjennomføre leik og spel saman med andre i ulike bevegelsesaktivitetar
  • øve på samansette bevegelsar, åleine og saman med andre
  • forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre

Frosketid er eit supplement til timane med kroppsøving. Ved små øvingar elevane kan gjere på få minutt i klasserommet kan ein oftare få bruke kroppen sin på ein måte som styrkar arbeidet med folkehelse og livsmeistring.