I denne timen skal elevane lære litt om korleis følelsane våre blir til, korleis følelsar påverkar ord og handlingar, og korleis ein kan hjelpe eigne og andre sine følelsar.
Filmen om hjernen og følelsar er noko komplisert, og det er mykje informasjon på kort tid. Det er likevel nyttig for mange barn å forstå at svært sterke følelsar kan «kople ut tenkehjernen» og dermed føre til at vi gjer dumme ting som vi elles ikkje ville gjort. Mange barn tenker at dei er slemme eller dumme. Dei vil ha nytte av å forstå at det ikkje er dei som barn som er slemme, men at følelsane deira kan få dei til å gjere slemme ting om ikkje følelsane får hjelp.
I materialet for denne timen ligg det to gråe bokse med emosjonell ferdigheitstrening. Dette er ferdigheiter i regulering av eigne og andre sine følelsar som svært mange vaksne aldri har lært sjølve. Spesielt dette med å vise forståing for følelsen, anerkjenne, validere har vist seg å vere svært effektivt i regulering av vonde følelsar. Det kan likevel kjennes uvant og rart for både barn og vaksne, som er meir trena i å finne løysing på problem. Lærarar og klasser er ulike, så prøv deg litt fram med korleis du eventuelt vil bruke dette med dine elevar.
Det du treng til denne timen:
Husk også å lese her om korleis vi vaksne kan hjelpe elevar med deira følelsar, og send lenke til heimane slik at dei kan følgje opp arbeidet.
Og du finn meir materiell til å lære barna om følelsar her!