Kropp og grenser Til læraren Kropp og grenser kan vere eit sårbart og vanskeleg tema. På den eine sida er det soleklart at barn har lov å bestemme over eigen kropp, på den andre sida veit vi at der både er grensetilfelle der dette blir komplisert – og at nokre barn opplever at vaksne ikkje bryr seg om at dei ikkje har lov å bruke barn sine kroppar seksuelt. Det er statistisk truleg at du har elevar i klassa di som har opplevd overgrep og ikkje vore i stand til å sette grenser for eigen kropp. Dette kan gjere det vanskelegare for dei å sette grenser for eigen kropp, også i andre samanhengar vidare. Og vi skal heller ikkje forvente at barn skal kunne beskytte seg mot slike hendingar med å trene på å sette grenser. Det er overgripar sitt ansvar, ikkje barnet sitt.Barn i denne alderen har også varierande intimsoner for normal kroppskontakt. Mange likar godt å vere svært tett på andre og tenker ikkje at dette kan vere truande for andre sine intimsoner. Så lenge alle som er med i slik nærleik er fortruleg med det er det fint at barn og unge kan vere nær kvarandre slik. Men for dei med negative erfaringar med andre sin manglande respekt for kropp og grenser kan det vere problematisk.På slutten av timen ligg ein film om å fortelje om seksuelle overgrep. Sjå difor gjerne på materialet til dei vaksne som ligg her: Seksuelle overgrep - Livet og sånn (livetogsann.no) Og gjennomfør timen ein gong der elevane ikkje skal gå rett heim etterpå slik at elevar som treng å snakke med nokon har moglegheit til det.Det du treng til denne timen:Instruksjonar for lærar - Kropp 6.trinn NN.pdf (PDF, 225 kB) eller Instruksjoner for lærer - Kropp 6.trinn BM.pdf (PDF, 228 kB)Husk å sende lenke til heimane slik at dei også kan følge opp temaet heime! Her ligg sida til oss vaksne om temaet kropp. Kompetansemål Dette temaet kan gi opplæring innan kompetansemål der eleven skal kunne: utforske og beskrive egne og andres perspektiver i etiske dilemmaer knyttet til hverdags- og samfunnsutfordringer (KRLE). gjøre rede for fysiske og psykiske forandringer i puberteten og samtale om hvordan dette kan påvirke følelser, handlinger og seksualitet (naturfag). reflektere over variasjonar i identitetar, seksuell orientering og kjønnsuttrykk, og eigne og andre sine grenser knytte til kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og drøfte kva ein kan gjere om grenser blir brotne (samfunnsfag). lytte til og forstå ord og uttrykk i tilpassede og autentiske tekster (engelsk). lytte til og videreutvikle innspill fra andre og begrunne egne standpunkter i samtaler (norsk). Bruk eventuelt Kroppen og følelser (versjon uten musikk med tekst) - YouTube Kvifor bør vi like kroppane våre?Kva treng kroppen vår for å ha det bra og fungere godt? Kven bestemmer over din kropp?NRK Super - Klassen Sjå instruksjonar til læraren Noko bør ikkje haldast hemmeleg!Hemmeligheten - Nok BergenKva kan vi gjere dersom venner fortel oss at nokon ikkje respekterer deira grenser?Kven kan hjelpe når nokon opplever slike ting som i filmen?Spør før du tek på andre!Consent And Communication - AMAZE Org Jobbe vidare? What is EMPATHY? Explaining Empathy to Kids - Emotions - YouTube Jeg bestemmer selv - MUSIKKVIDEO - YouTube Sist endra 25.10.2023 15.47