Kropp - 1. trinn Til læraren Det er fint å kunne namn på ulike kroppsdelar og forstå korleis kroppen er sett saman, men nokre ting med kroppen har vi vaksne også litt lite kunnskap om. Kvifor får vi til dømes vondt i magen når vi gruer oss til noko? Og korleis kan vi vite om magerverk kjem av at noko er dumt på skolen eller heime, eller om barnet ikkje tåler så godt mjølk, juice eller andre matvarer? Symptoma kan vere ganske like og vi har ikkje alle svara enda.I temaet kropp på første trinn ønskjer vi at elevane får sjansen til å bli litt merksam på kva beskjedar som kroppen sender oss. Dei kan få øve på å lytte til det kroppen sender av signal, og undre seg over kva det betyr, og kanskje snakke med nokon dersom beskjedane ikkje gir seg. Samtidig treng dei å vite at når vi har ein kropp som er i live, så er det heilt naturleg å kjenne ting i den! Det betyr ikkje at noko er gale. Kroppen skal vokse – og det kan gjere litt vondt. Følelsane gir beskjedar – og det kan gjere litt vondt. Poenget er ikkje å få elevane til å fokusere masse på alt dei kjenner i kroppen, men at elevane skal vite at det å ikkje ha det bra kan føre til vondter i kroppen, og då er det viktig å fortelje nokon om korleis ein har det.Det du skal ha med til denne timen:Instruksjonar for lærar - kropp 1. trinn NN.pdf (PDF, 201 kB) eller Instruksjoner for lærer - kropp 1. trinn BM.pdf (PDF, 205 kB)Teiknebok eller arkHusk å sende lenke til heimane slik at dei også kan følge opp temaet heime! Her ligg sida til oss vaksne om temaet kropp. Kompetansemål Dette temaet kan gi opplæring innan kompetansemål der eleven skal kunne: samtale om kjensler, kropp, kjønn og seksualitet og korleis eigne og andre sine grenser kan uttrykkjast og respekterast (samfunnsfag). samtale om og beskrive hvordan ord vi bruker, kan påvirke andre (norsk). Bruk eventuelt Kroppen og følelser (versjon uten musikk med tekst) - YouTube Sjå bilde frå filmen og snakk om den Kva kan kroppen gi oss beskjed om? Kva kan hjelpe når noko er så dumt at vi får vondt i magen? Fortelle ein vaksen korleis vi har det! Føl musikken! Følg instruksjonar i arket til læraren. Følelsar som kjennast i magen Sommerfugler i magen - Blå Kors Norge Vi beveger oss litt! The Stretching and Exercise Song | CoComelon Nursery Rhymes & Kids Songs Sjå forslag til norsk tekst i instruksjonar til læraren. Vi speglar oss i kvarandre! Sjå instruksjonar til læraren. Litt Frosketid? Fleire songar de kan synge: I kroppen min jeg bor - YouTube Hode skulder kne og tå - barnerim for småbarn på norsk Tinyschool Norsk - YouTube Fantorangen – 15. Kroppen (Sesong 4) – NRK TV My Body Song | CoComelon Nursery Rhymes & Kids Songs - YouTube Me! | featuring Noodle & Pals | Super Simple Songs - YouTube Sist endra 05.08.2024 10.03