Det er få konkrete kompetansemål i Kunnskapsløftet som handlar om å lære barn om vald i nære relasjonar. Det står som kompetansemål for 4. trinn i samfunnsfag at elevane skal kunne «samtale om grenser knytte til kropp, kva vald og seksuelle overgrep er, og kvar ein kan få hjelp dersom ein blir utsett for vald og seksuelle overgrep».
Kompetansemålet i samfunnsfag om å «gi døme på kva lover, reglar og normer er og kva slags funksjon dei har i samfunn, og reflektere over konsekvensar av å bryte dei» er også relevant.
Sjølv om dette temaet i liten grad er nemnt i Kunnskapsløftet meiner vi å ha god fagleg dekning for vurderinga vår om å bruke tid på dette kvart år. Faginstansar som jobbar med barn og unge som har opplevd vald og overgrep, er tydelege på at det å jamleg få høyre om dette på skulen er avgjerande for at barn tør å fortelje om dette til trygge vaksne, og dermed kan få hjelp.