Mangfald - Å passe inn Til læraren Eit av dei store tema i mange barn sine liv er å passe inn, å kjenne at ein høyrer til, at ein er god nok og blir likt. Allereie frå barnehagen har dei gjort erfaringar med kor sårbart dette kan vere. Denne timen handlar om korleis barn kan hjelpe kvarandre å kjenne seg godtatt i flokken. Då er det ikkje alltid nok å ikkje vere slem, ikkje seie stygge ord. Det trengs snille ord og snille handlingar for at den som kjenner seg utanfor skal kunne kjenne at den passar inn.Sjå også Mangfald - for vaksne - Livet og sånn (livetogsann.no) og send lenke til heimane slik at dei også kan ta del i Livet&Sånn.Det du treng til denne timen:Instruksjonar for lærar - Mangfald 3. trinn NN (PDF, 266 kB) ellerInstruksjoner for lærer - Mangfold 3. trinn BM (PDF, 270 kB) Andre aktivitetar de kan gjere i dette temaet:Bruk noko frå Å heie på mangfold frå LINK På godt og vondt - LINK (linktillivet.no) Kompetansemål Dette temaet kan gi opplæring innan kompetansemål der eleven skal kunne: samtale om identitet, mangfald og fellesskap og reflektere over korleis det kan opplevast ikkje å vere ein del av fellesskapet (samfunnsfag). reflektere over hvordan språkbruken vår påvirker andre, og hvordan vi tilpasser og endrer språket i ulike situasjoner (norsk). sette seg inn i og formidle egne og andres tanker, følelser og erfaringer (KRLE). samtale om hva menneskeverd, respekt, toleranse og samiske rettigheter betyr og hva det innebærer for hvordan vi lever sammen (KRLE). Sjå bilde frå filmen og snakk om det de såg Ny elev i klassaBunny New Girl | Short Film frå Natalie van den Dungen (trykk på oppfrisk-knappen for å få fram att bildet frå filmen når de snakkar om den.) Leik: Handlingar som smittar - sjå lærar sitt instruksjonsark Vi er alle like viktige Å inkludere andre i leik Når er dette lurt å kunne? Det er når du ser at nokon ikkje har nokon å vere med og er aleine. Då kan du gå bort til denne og spørre «Vil du vere med å leike?» Så venter du litt, og ser om den andre smiler og seier ja, og så kan de leike. Rollespel: Klassa held liksom på med ein leik (men kan fortsatt sitte stille på plassane sine). Ein elev kjem fram og står aleine framme ved tavla. Ein eller fleire elevar får kome fram og spørre eleven om denne vil vere med å leike. Stopp når elevane er framme for å invitere med, og gi eksempel på kva dei gjer som er bra. Kva gjer dei med kroppen? Korleis er dei i fjeset sitt? Spør elevane korleis det kjennes å bli invitert med, og korleis det kjennes å invitere. Litt Frosketid? Du kan vere den!Du kan være den (Hjerterom) - Unge Oslo frå KIGO Sist endra 22.08.2024 09.01