Skyld - for vaksne

Skyld - for vaksne

Hjertehjulet for vaksne - Klikk for stort bilete

Hjertehjul med informasjon om følelsen skyld. (PDF, 376 kB)

 

Barn er ofte opptatt av å fordele skyld: «Det var ikkje eg som byrja, det var han!» «Det var ikkje min skyld, det var Sofie som gjorde mest!» Skyld kjennes vondt, og det å få kjeft eller irettesettande blikk gjer vondt. Så då er det best å prøve å unngå det. Skyld er ein følelse som skal få oss til å ta ansvar for noko vi har gjort. Vi bør lære barn å sette pris på skyldfølelsen når vi har gjort noko dumt, fordi den hjelper oss til å få nye sjansar hos andre. At vi kjenner dårlig samvit er bra då! Alle kan gjere feil og dumme ting, det er heilt normalt. Når noko blir dumt, kjenner vi det i skyldfølelsen/samvitet, og då får vi sjansen til å gjere det godt igjen. Det gjer vi ved å ta ansvar for det vi har gjort, kjenne og seie at vi er lei for det, og tilby oss å ordne opp om noko må fiksast. Då går skyldfølelsen over igjen og vi kan gå vidare.

«Gå og sei unnskyld» seier vi kanskje litt for ofte. Å seie unnskyld har ingen effekt utan at den som har gjort noko dumt først har kjent på skyld, har innsett sitt ansvar i det som har skjedd, og ønsker å reparere i møte med den andre. Det er også stor forskjell på å seie unnskyld og å unnskylde seg. Det første gjer ein for den andre, det andre gjer ein for seg sjølv. Å lære barn å reparere noko som blei dumt, handlar difor ikkje om å påtvinge eit raskt unnskyld. Det handlar om å finne ut om barnet kjenner på skyld, finne ut om skyldfølelsen er riktig plassert (kanskje er barnet faktisk ikkje skyld i dette?) eventuelt anerkjenne følelsen av skyld, og finne ut kva barnet kan gjere for å gjere det godt igjen. Så er det fint om vi støtter barnet i reparasjonen. Husk at ordet «Unnskyld» ikkje har effekt om det ikkje opplevast ekte frå den som tek i mot. Det er betre å ta tida det treng å innsjå ansvar/skyld før eit «unnskyld» til den andre, enn å forhaste noko for å bli ferdig.

Som vaksne kjenner vi også ansvar for den som hadde trengt eit godt unnskyld frå den andre. Det er likevel minst like viktig at vi sjølv ivaretek denne sine behov for støtte, omsorg, trøst, forståelse og anerkjenning for det som har skjedd. Dette er med på å reparere for eleven, og kan vere viktigare enn at den andre skal øve på å reparere sjølv.

Det er diverre vanlig å kjenne skyld også for ting andre har gjort mot oss. Då har ikkje følelsen den funksjonen den skal ha, og følelsen er ikkje nyttig for oss å kjenne på. Barn kan bere på skyldfølelse for at foreldre har gått frå kvarandre, at familiemedlemmar er sjuke, at kjæledyret døde, eller andre ting. Barn som blir utsett for vald og overgrep tek også ofte skylda for dette på seg sjølv. For å sikre god helse og utvikling treng barnet då hjelp til å plassere skyld på den som har ansvaret fort dette. Sjå «Vondt og vanskeleg» for meir om dette.

Følelseskompasset om skyld 

Til toppen